Kolonnøy

Om

Kolonnøy er ei mellomstor øy aust i Valanda, sør for Secrania. Øya er forma som ei kidney-bønne, med sjøve Kolonnøy i sør og Skjermøy i nord. Skjermøy vert omtala som ein del av Kolonnøy sjølv om det er ei sjølvstendig øy. Før havet steig på slutten av den andre tidsalder, var øya samanhengande med Skjermøy .

Historie

Oldtida

Frå gamalt av har det våre diverse liv på øya. Gnomer, hobbiter, tusser, kobolder, ville dyr og anna enkle skapningar. I den andre tidsrekninga begynte orkar å innta øya frå Rathgort i aust. Dette trur ein er grunnen til at alvane inntok nordre del av Kolonnøy på eit tidspunkt ikkje lenge etter at orkane inntok øya, rundt overgangen til Den 3. tidsrekning. Dei hadde fått eit kall frå gudane sine om å støtte dei svakare skapningane som allereie budde på øya.

Nyare tid

Øya blei først oppdaga av menneske i Den 3. tidsrekning rundt år 200, då utvandrarar frå Secrania reiste frå Austerland og Sønderland i håp om betre liv. På den tida var det berre alvar og orkar som budde på Kolonnøy: Orkane i sør, og alvane i nord. Etter mange år med krig greidde menneska og alvane å drive orkane tilbake og greidde å få ned nokre enkle bygder rundt om på øya. Denne krigen vert referet til som "101-årskrigen på Kolonnøy". Bygdene som blei etablert vaks seg større, og no er menneska dei som okkuperer det meste av Kolonnøy. Dei har ein liten del av Skjermøy i nord, samt ein stor del av vestre delen av sjølve Kolonnøy.   Mot midten av Den 3. tidsrekning begynte det å trekkje dvergar til øya også, på leit etter rikdom i dei store fjella liggande som eit skille mellom aust og vest på Kolonnøy. Dei blei då liggande midt imellom orkane og menneska, noko dei ikkje er nøgd med og anklagar menneska for å lite for mykje på at dvergane skal holde orkane tilbake. Menneska har heller eit anstrengt forhold til dvergane, då dei meiner dvergane bere kom og tok seg tilrette på øya. Det har gjort at menneska er relativt var for utanøyske personer, anna enn i dei store byane som ser ein del turisme. For menneska og dvergane er det et meir business-forhold: Dvergane får mat og tømmer, menneska får mineraler.   Opp i det heile har me alvane. Etter krigane blei dei igjen på Skjermøy , men laga seg større byar på sørsida av ørkenen på Skjermøy. Der har dei vokta innseglinga mellom dei to øyena, for dei veit at dersom orkane angrip Sæbe , menneskehovedstaden på øya, vil orkane få for mykje kontroll på viktig infrastruktur og viktige strategiske ruter. Menneska på sin side voktar innsegling i andre enden, men det er av meire økonomiske grunnar...

Maps

  • Kolonnøy
    Landet Kolonnøy