Sæbe

Om

Sæbe er den største byen på øya Kolonnøy og er setet for Kongeriket Kolonnøy. Byen har knyttingar til omverda rundt seg og er eit relativ mangfaldig samfunn. Byen berer preg av modernisering, men også tradisjonell infrastruktur. Den teknologiske Revolusjonen var viktig for øya, då fleire store teknologar hadde hovedsete i byen.

Historie

Tidleg historie

Dei tidlegaste skriverier ein no har funne som nemner Sæbe er gamle skattedokument som skipseigarar i Secrania førte. Der står det skrive om "... ei øy med varierande ressurser, men med potensiale for eit fredelig samfunn rundt bygda Sæbe". Etter dette ser man fleire skrifter om utvandring til øya frå huvudsakleg Austerland og Sønderland. På denne tida budde alvane på heile Skjermøy , litt nord for Sæbe. Dei ønskte menneska velkommen og hjalp dei sette opp infrastrukturen i Sæbe. Nokre utvandrarar reiste vidare sørover og på sikt danna Lochlarch og sienare Al-Kadaa.

101-årskrigen på Kolonnøy

Etter nesten 100 år med ekspansjon og utvikling begynte orkane i sør å verte irritert på ekspanderinga til menneska. Alvane som såg dette som ein mogelegheit til å fjerne orkane for godt fyrte opp under menneska for å starte ein krig med orkane for å ta meir land. Dette skjedde og blei starten på 101-årskrigen. Alvane som no egentlig berre kunne velge side og ikkje teknisk sett ver dei som starta krigen, hjalp menneska med å presse orkane sørover og austover. Sæbe blei ein sentral plass i krigen som hovudsete for planlegging og trening av hærar. Etter krigen fekk hærførarane adel status i byen, og ein "sentral leiar" i hæren blei krona konge i det som skulle verte Kongeriket Kolonnøy.

Moderniseringen

Etter krigen blei det ein økonomisk boost for Sæbe, og mykje infrastruktur blei modernisert og betra. Folk fekk økonomisk støtte til å byggje opp heimar og bedrifter for å skapa økonomisk stabilitet i byen. Dette gjorde at byen trakk til seg mange nye typar folkeslag, og dvergar kom reisande og slo seg ned i Sæbe. Mange av disse reiste så vidare sørover for å slå seg ned i fjella på Kolonnøy, men ein del blei verande att for å drive skiping av råmaterial ut frå Kolonnøy og heim til der dei kom frå. Dette likte Kongeriket Kolonnøy særs lite, og beordra Sæbe Bystyre om å ta grep. Høge skattar blei innført, og mange av dvergane møsta inntektskilda si. Dette gjorde at det blei missnøye mellom menneska og dvergane, noko som varar til den dag i dag.

Den Teknologiske Revolusjonen

Mot slutten av Den 3. tidsrekning skjedde det store omveltingar i samfunna på Ravencroft. Nye maskiner og måtar å utnytte teknologi på gjorde at det blei eit teknologisk boom uten like. Dette spreidde seg til Kolonnøy også via handelsruter og Sæbe blei eit sentrum for denne boomen på Kolonnøy. Ingeniør Jonathan der Falck var ein av dei som leia revolusjonen i starten, men Magnus den Store tok fort over rolla som den største ingeniøren i Sæbe. Dei to hadde eit rivaliserande forhold, noko som gjorde at revolusjonen virkeleg kom inn i høggir. Etter Magnus den Store dør litt ute i Den 4. tidsrekning, overtok Jonathan der Falck som den leiande i utviklinga. På sikt vaks Victormax Industrier fram med Victor Variant i spissen som eit billeg alternativ til Der Falck og Magnus Inc.. Dette gjorde at kvermansen no hadde råd til billig teknologi, sjølv om kvaliteten ikkje alltid var heilt "up to par".

Post DTR og ustabilitet

Etter Den Teknologiske Revolusjonen daffa ned, kom ei tid med ustabilitet. Orkar er på ny på framtoget og har ved fleire annledningar trua Sæbe med invasjon, men dette har blitt oppfatta som høgst usansynlege truslar. Det har likevel gjort at Kongeriket Kolonnøy er i høg beredskap og fleire har blitt verva til dei fredsbevarande styrkane.

Geografi

Byen sit plasser mellom store klipper i vest og fjell i nord. I sør strekkjer det seg grøne marker, medan det i nord er sjø. Plasseringa gjer at morgonsola ikkje kjem før godt ute på ettermiddagen. Kvelder er dog litt lengre. Jorda i Sæbe er næringsrik og fast, som gjer at det både er lett å bygge der og samstundes dyreke. Midt i byen er det to større hauger som har fått namna Sørhaug i Sæbe og Nordhaug i Sæbe. Disse er definerande for byen og er eit mektig syn når ein seglar inn mot byen. Byen ligg i enden av ein fjord som strekkjer seg mange mil frå nordvest. Dette gjer at ein lett kan sjå om nokon prøver å segle inn mot byen. Dette samla med plasseringa mellom fjella gjer at Sæbe er strategisk godt plassert i tilfelle eit angrep skulle kome.

Demografi

Det er eit stort mangfald i Sæbe med alt frå mennesker og dverger til alvar, hobbitar og tieflings. Majoriteten er dog menneske som utgjer ca 70% av innbyggjarane. Desse forskjellige rasane lever godt i lag, men det hender at det er gnissingar mellom dei. Det fins likevel økonomiske insentiv til å vere "greie" med kvarandre, så større konfliktar unngår ein sjølv om det kan vere undertonar av skepsis.

Kriminalitet

Kriminalitet vert slått hardt ned på i Sæbe. Det fins dog forskjellig grad av ulovlegheitar, der dei grovste vert det straffa mot. Dei lettaste lovbrota kan man sleppe unna med, då mange av vaktane driv med desse ulovlegheitane sjølv. Dette kan vere ting som røyking av tjald, prostitusjon, og offentleg drikking. Det kjem heilt an på kva vakt ein treff på kva som er kosher og ikkje. Straffar varierar, men ein kan som oftast kjøpe seg ut av straff. Om ein ikkje kan det ventar fengsel, eller obligatorisk verving til hæren. Ein kan også få samfunnsstraff i tillegg til bøter der ein må gjere diverse oppgåver for byens vel.

Økonomi

Det er i størst grad frie marknadar i Sæbe, men det er satt inn tunge skattar på enkelte varer og tenester. Det er store skilnader på fattig og rik i byen, der dei rikaste gjerne har store hus, reiser på tur ut frå Kolonnøy, og mengar seg i adelt selskap. Dei fattigaste har så vidt råd til å gå heim om ettermiddagen. Dette skillet ser ein tydelig i Sæbe ved at dei fattigaste bur mellom Nordhaug i Sæbe og Sørhaug i Sæbe i ein del som kallast Mellomdalen i Sæbe. Med andre ord; slummen. Det vert likevel gitt økonomisk stønad for å starte eige firma, så dei aller fleste som ikkje jobbar hjå andre har mogelegheit til å starte for seg sjølve. Skattar og avgifter er likevel så høge at det er vanskelig å få hjula til å gå rundt. Sæbe er også ein viktig plass for transport av varer ut frå Kolonnøy, og mange tjener gode penger på denne gesjeften.

Landbruk

Landbruket i byen skjer i aller største grad i vest. Der har ein større marker og beiter som skaffar mat til dei mange innbyggjarane i Sæbe. I visse tider er det til og med overskudd av varer, noko som gjer at ein kan selge disse til andre byar på Kolonnøy eller ut frå øya. Det er satt inn økonomiske avtalar som gjer at overskudd skal gå til Kongeriket Kolonnøy for å verte distribuert ut til trengande. Dette er noko som fungerar sånn passe, då gevinsten å selge det privat er mykje betre en dei få pengane ein får frå Kongeriket Kolonnøy.

Religion

I Sæbe er ein fri til å praktisere den religionen ein ønskjer så lenge det er ein fredelig religion. Dersom Sæbe Bystyre oppfattar ein religion som valdelig eller ikkje i henhold til Kongeriket Kolonnøy sine verdiar, vil religionen bli sanksjonert og i verste fall bannlyst. Det er fleire mindre tampel rundt om i byen ein kan besøke, dei aller fleste i private heimar, kjellarar, loft og samfunnshus.

Styring

Byen er styrt av Sæbe Bystyre, som er nedsatt av Kongeriket Kolonnøy gjennom Sæbekrinsen Fylke. Bystyret er ikkje demokratisk vald, og dette skapar misnøye i befolkninga. Det er likevel ein grad av akseptanse, då kongeriket vel inn dei som passar aller best til jobben. Det er i alle fall det dei skal gjere. Dette gjer dei for å få best styring av byen, men samstundes ha folk som dei direkte kan kontrollere.

Transport

I Sæbe har ein mange transportalternativ. Ein kan kjøpe/leige hest, ta toget som går sørover, ta båt nordvestover, eller hive seg med ei og annen karavanne som skal sørover vegen. I dei senare åra har det også kome luftskip, Luftskipet Andorra, som tar rike reisande til og frå Kolonnøy gjennom lufta. Internt i byen kan man leige mindre trekkdyr også, og det eksisterar ei taubane mellom Nordhaug i Sæbe og Sørhaug i Sæbe som pendlarar nyttar seg av.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Toget i Sæbe

Toget i Sæbe er eit tog med musikantar, akrobatar, klovnar, og meir som går igjennom Nordhaug i Sæbe kvar sundag ettermiddag.

Repe-bana

Repe-bana er eit transportmiddel utvikla av Magnus Inc.. Du heng langt over bakken og kan reise mellom Nordhaug i Sæbe og Sørhaug i Sæbe.

Sæbe Stasjon

Sæbe Stasjon er smaragden i Sæbe og visar kor langt framme byen er teknologisk. Bådet toget som går til Vesterstaa og dei mange hestedradde vognene er flotte å sjå, men ingenting kan måle seg meg å oppleve Luftskipet Andorra lande og ta av!

Slottet i Sæbe

Flott og majestetisk står det hogd inn i fjellsida, Det Kongelige Slott i Sæbe. Ta turen og sjå, men hald deg unna dei indre portane. Sæbe Overskuddsutsalg og andre ting kan ein oppleve i nærleiken til slottet.

Maps

  • Sæbe