Kongeriket Kolonnøy
Om
Kongeriket Kolonnøy er eit kongerike som styrer over området Austerland. Riket styrast av ein "Konge", og kona hans er kalla "Dronning". Kongeriket har eksistert sidan 101-årskrigen på kolonnøy.Historie
Tidleg historie
Under 101-årskrigen på Kolonnøy var det eit lausleg styre som kontrollerte menneska på Kolonnøy. Leiarane av dette var sentrale i å etablere kongeriket året før krigen blei vunne. Desse leiarane fekk sentrale roller i bystyra i dei kontrollerte byane, spesielt i Sæbe. Etter krigen var kongeriket ekspansjonssjuke, og gjekk til angrep på sine tidlegare allierte. Dette førte til anneskseringa av Dalvika og Sandstaa.Stabilitet og revolusjon
Etter hendingane på Skjermøy kom ei tid med stabilitet. Kongeriket hadde kontroll på nordsida av Kolonnøy og hadde egentlig nok med å holde dei possisjonane der. Resten av Kolonnøy hadde ingen interesse av å innlemmast i kongeriket, og difor ønskte ikkje Kongeriket Kolonnøy å pushe dette noko vidare. Stabilitet over kontroll. I 1675 fekk kongeriket besøk av reisande frå Ravencroft som hadde med seg planar om utbyggjing og ny teknologi. Dette starta eit fruktbart samarbeid mellom dei to, og kick-starta den Teknologiske Revolusjonen på Kolonnøy.Moderne historie
Etter den Teknologiske Revolusjonen bremsa utviklinga ein del. Ein ny konge hadde tatt over trona, Hans Majestet Kong Haraball den 2., og han var ikkje like ivrig på å drive framdrift. Han var mykje meir interessert i ekspansjon og å strame inn grepet på dei områda dei allerede hadde under vimpelen sin. Han vart mykje meir authoritær enn faren.
I 1737 gjekk Kongeriket til krig mot Alverriket på nytt for denne gangen å anneksere heile Skjermøy og drive alvane ut av Kolonnøy. Det dei ikkje visste var at Orkeriket hadde førebudd seg på å angripe menneska i det dei forlot Sæbe. Det heile vart orkestrert av Drakekonklaven som hadde hærførar Rochard Del'Daruu i fange, og hadde plassert ei nikkedokke (illusjon) på hans plass. HENDINGA ER IKKJE FERDIG, VIDARE SKRIVING TRENGS.
Uskriven historie
Etter Dei Få greidde å stoppe krigen, abdiserte kongen basert på sin manglande dømmekraft. Kronprins Haukan tok over trona og blei etter nokre år på trona komfortablel med idèen om at trona skulle gå vidare til Muncher-familien. Men, på dette tidspunktet hadde allerede "Bolle" blitt gitt til barneheim og flykta derifrå. Kongen er no på leit etter "Bolle".Kongefamilien
Kongefamilien er satt saman av ulike personligheitar, men under følger dei størte konfliktane.Infidelitet
Kronprinsen kan ikkje få ungar og dette er eit stort problem i Kongeriket. Dette vil bety at i det Haukan dør, vil trona vere utan ett. For tida går det ein prosess der ein vil gå vekk frå at det er den eldste guten som er ett til trona og heller at det vert eldste barnet. Dette ønskjer ein skal ha tilbakevirkande kraft, og det er ikkje den noverande trona enig i. Det vil bety at prinsesse Vincentina overtar trona i det Hukan dør. Ho vil mest sannsynleg ikkje vere i livet då, og trona vil gå vidare til Hervald Muncher. Han er også ein del eldre enn Haukan, og då er det Ryder "Bolle" Muncher som overtar trona.Ueinigheit
Kronprins Haukan er veldig uenig med faren i måten å drive eit kongerike, og er mykje meir interessert i å fortsette måten bestefaren dreiv kongeriket på. Dette har gjort at dei ikkje ser til kvarandre på noko god måte. Under hendingane i Operasjon Skjermøy i 1737 flykta kronprinsen med resten av familien til Ravencroft med luftskipet Andorra og har plassert seg der medan kongen og Del'Daruu angreip Alveriket.Venar og fiendar
Kongeriket Austerland
Kongeriket Kolonnøy har tradisjonelt hatt eit av-og-på-forhold til Kongeriket Austerland. Begge rika innser viktigheita av at folka deira har kontakt med kvarandre, men dei sjølv har eit relativt kaldt forhold.Ravencroft
Det er eit godt forhold mellom Ravencroft og Kongeriket Kolonnøy. Dei har over mange år utveksla informasjon og teknologi for å betre begge rika.Keisarriket Midland
For Kongeriket Kolonnøy er Keisarriket Midland ein grei ven. Grunna konflikta med Kongeriket Austerland så ser Kongeriket Kolonnøy heller mot Midland i internasjonale saker.Andre riker
Kongeriket Kolonnøy har ikkje så mange andre allierte i verda, men har ein tradisjon for å holde kontakten med Estliar sidan dette er ei naboøy ikkje så veldig langt vest for Kolonnøy.
Founding Date
1322
Type
Geopolitical, Country
Capital
Head of State
Head of Government
Government System
Monarchy, Constitutional
Power Structure
Federation
Economic System
Mixed economy
Subsidiary Organizations
Location
Controlled Territories
Neighboring Nations