Kongeriket Austerland

Om

Kongeriket Austerland er eit kongerike som styrer over området Austerland. Riket styrast av ein "Konge", og kona hans er kalla "Dronning". Kongeriket har eksistert i to periodar, avbrutt av ei større uordna tid.

Historie

Tidleg historie

Frå tidlege tider har det vert ei sentral leiing i Austerland. Setet har skifta rundt ette kva klan det var som styrte landet, og området har både vokst og krympa etter krigar som har utspelt seg ved grensene. Grunna stor hungersnød og elende etter havstiginga i årskiftet til år 1000, greidde befolkninga å kaste riket. Sidan då veldig mange ønskte å ta kontroll over trona igjen, blei det borgarkrig i Austerland. Denne varte ei stund før den blei avslutta grunna manglande ressurser og provisjon.

Re-etablering

Etter mange år utan ei sentral leiing i Austerland-området, greidde Kong Larsh den 1. av Austerland å samle riket på nytt etter ein lengre krig i landet. Mange områder såg nytta av å på nytt ha bekyttelse frå ei sentral makt i bytte mot skatt og avgifter. Dette syns ikkje orkane og alvane noko om, spesielt at dei no skulle styrast av ei menneskeleg leiing. Dei ønskte representasjon slik som i Vesterland med Landet Vesterland. Men, Larsh ville ha monarki. Blodig blei krigen, og monarki blei det.

Moderne historie

I dag er kongeriket i ein stabil fase der ingen større problem i kongehuset eksisterar. Kongen had dog ikkje så stor inflytelse lenger på utkantane av riket. Dei styrar seg for det meste for seg sjølv, men får alltid hjelp dersom andre land og riker prøver å ta områder i Austerland.

Venar og fiendar

Kongeriket Kolonnøy

Kongeriket Austerland har tradisjonelt hatt eit av-og-på-forhold til Kongeriket Kolonnøy. Begge rika innser viktigheita av at folka deira har kontakt med kvarandre, men dei sjølv har eit relativt kaldt forhold.

Kongeriket Norrland

Kongeriket Norrland har tradisjonelt vert ein alliert i internasjonale saker, grunna den tidlegare historia dei to rika har. I dag er kontakten i hovudsak sermoniell, då Kongeriket Austerland no greier seg sjølv, og Kongeriket Norrland har meir enn nok å halde på med i eigne territorier.

Keisarriket Midland

Grunna historia med Midland , så er ikkje forholdet med Keisarriket Midland noko godt. Dei to rika har berre éin kommunikasjonsveg og det er vegen over fjellkjeda i vest og ned til Elva Lu.

Andre riker

I mange år har riker frå Sønderland's Frie Område prøvd å ta seg inn i Midland, så ved denne grensa i sør har det tradisjonelt vert mykje kampar.