Midland

Om Midland

Midland ligg omtrentlig midt i Secrania og er omringa av alle dei andre regionane i Secrania.

Geografi

Midland deler mykje av geografien sin med Vesterland. Det fins alt frå store vintersletter med himmelhøge fjell, grassletter så langt auge kan sjå, rullande bakkar, store skogar, ørken og prerie. Det fins også ein del innsjøar og elver i Midland der nokon strekkjer seg heilt frå aust til vest, med store innsjøar i.

Hompfen

Denne regionen ber preg av store haugar og fjell, med større og mindre skogar spreidd rundt omkring.

Tiefland

Tiefland ligg ned i ei gryte og mange plassar under havnivå. Regionen har mindre tettstader i nord, medan resten av regionen i stor grad er skog, vegar og bakkar.

Baumgrat

Denne regionen er prega av mykje skog. Det går rykter om at det er den største samanhengande skogen på Tella, i alle fall på Secrania.

Seedörfer

Eit søndre kystlandskap nedanfor Weiterwald. Har ein del skog, mykje jordbruksareal og store sletter. Kysten rundt Seedörfer er mykje brukt til fiske og reise.

Schwampwald

Dette området ligg heilt nord og har store sump-areal. Man kjenner ikkje til at det bur verken menneske eller hobbiter her, men det går rykter om at skumle beist og monstre har funne sin heim her.

Immerschnee

Vinterregion i Midland. Nokre store fjell kan ein finne her, samt skogar og sletter.

Grünland

Flotte store marker mykje brukt i jordbruket. Ein finn spreidd busetnad her og dei aller fleste som bur her jobbar i jordbruket. Veldig fruktbar jord, men vanskelig å navigere seg rundt i regionen då det ikkje er mykje veginfrastruktur.

Keinmannland

Lovlausheita sjølv... Velkommen til den ville vesten. Store sletter og prerier. Dei fleste som bur der sør er anten lovlause eller uheldige.

Südweg

Større ørken som ledar sør til fjella mot Sønderland.

Demografi

Det er for det meste mennesker, hobbiter og gnomar som har satt foten sin i Midland. Menneska gjorde sitt inntog frå vest i år 134 3T og prøvde å samle heile regionen under eitt. Dei slo seg ned og grunnla byen Weiterwald. Menneska heldt til i Hompfen og Seedörfer , medan spreidde dvergkoloniar heldt til i Immerschnee . Det går også rykter om alve-observasjonar rundt Grünland og sør i Keinmannland .

Stabilitet og politikk

På papiret strekkjer Keisarriket Midland seg over heile regionen, men i praksis har Keisarriket lite å sei for utkantregionane. Stabiliteten i regionen må seiast å vere ganske god, med unntak av dei søndre regionane Keinmannland og Südweg.

Klima

Klima er for det meste varierande, men er eit snev kaldere enn gjennomsnittet. Det kjem litt nedbør i ny og ne, men dei store regnperiodane unngår man i Midland. Regnet stoppar for det meste i fjella mot Austerland . Dei få gongane det bles frå vest/nord-vest vert det derimot litt regn. Elles er det ofte overskya, men våren og tidleg sumar kan være fin med litt sol. Regionen er mykje mørk, då sola ikkje kjem opp over fjella før godt ut på føremiddagen. Nokre gongar kan det blåse varm vind frå sør i Sønderland  og dette skapar ofte flott temperatur nord til og med Tiefland .

Fun facts

  • INNHOLD MANGLAR

Maps

  • Midland