Secrania
Om Secrania
Secrania er den største verdsdelen utanom polområda (som i stor grad ikkje er utforska). Dette gjer Secrania til ein av dei mest intressante plassane på Tella, då ein kan finne alt av geografi og demografi her. Verdsdelen ligg aust på Tella med Ravencroft i vest og Valanda i sør. Rathgort ligg heller ikkje så langt frå fastlandet. I aust finn ein dei store sjøane, noko som gjer at havnæring og generell havutnytting står sterkt i Secrania, spesielt i dei austre områda.Geografi
Geografien i Secrania er veldig variert. Alt frå dei store ørkenslettene i sør, til elvane i aust, til skogane i vest, og tundraen i nord. Secrani har det meste av variert geografi som gjer at veldig mange forskjellige plantar, dyr og skapningar kan kalle det sin heim. Det meste av landområda er samanhengande, med mindre øyer utanfor kysten. Vestre del av Secrania er meir ruvande med større øyer. Aust er ganske rett med elveutmunningar. Ein del større innsjøer fins også på Secrania, med mindre små tjern og elver sentrert mot midten av verdsdelen og ut mot vest/aust. Det som kjenneteikner mykje av Secrania er dei store fjellkjeda som mykje godt deler verdsdelen i forskjellige segment.Norrland
NorrlandVesterland
VesterlandMidland
MidlandAusterland
AusterlandSønderland
SønderlandDemografi
Det bur mange forskjellige rasar i Secrania, og dette er reflektert i dei forskjellige landa som ein kan finne der. Folkegrupper har funne i lag, men store delar av Secrania er styrt av lokale høvdingar og keisarar. Norrland, Midland og Sønderland er områder der dette er veldig utbreidt. Det fins ein felles styreeinheit for desse områda, men dei har ikkje like stort mandat til å styre over landområda sine som i Austerland og Vesterland. Dei store fjellkjedane styrer i sto grad befolkningsinndelinga.Stabilitet og politikk
Secrania har mange forskjellige politiske situasjoner, og det er difor vanskelig å setje eit fellestrekk for alle områda. Ei samlande beteikning er at geografien i denne verdsdelen har i stor grad vert med på å segmentere delane av verdsdelen frå kvarandre. Krigar skjer, men dette er veldig ofte i mindre skala mellom to til 5-6 bygder/byar. Storkrigar har berre skjedd ved mindre annleiingar.Klima
Klima er mykje godt stabilt gjennom heile året, med mindre variasjonar. Austre delen av Secrania opplever mykje regn og dårleg vêr grunna pålandsvind frå aust. Norrland har det som oftes kald, men om vinteren kan det verte ganske så mange minusgrader. Vestre delane av Secrania med Vesterland og Midland opplever mykje meir stabilt vêr, men Midland har nok det mest varierande vêret. Der kan det være mange ned til -10 grader celsius om vinteren og opptil 28-30 grader om sumaren. Dette varierar sjølvsagt frå kvar man er, samt frå år til år. Sør i verdsdelen, då Sønderland og delar av Vesterland opplever varme heile året. Iskalde netter og glodvarme dagar kjenneteiknar mykje av dei sørlege områda på Secrania.Fun facts
- Det nordlegaste punktet på Secrania ligg lenger nord enn det sydlegaste punktet på Apoapsia.
- Dei fleste grenser følgjer fjellkjeda. Kryssar du ei fjellkjede, er du mest sannsynleg i eit nytt land!
- Secrania har godt forhold til dei aller fleste andre områder, men det er ein generell skepsis mot dei som er frå Balzaar.
- Dei fleste reiser med skip blir gjort mot klokkeretning rundt Secrania. Dette grunnet straumane som skapas av vindaktivitet i aust og høgtrykka over Valanda
Type
Continent
Location under
Included Locations