Om Apoapsia
Apoapsia ligg heilt nord på Tella og dekkjer nordpolen. Apoapsia er kjend for å vere ein uhyggeleg plass, då heile verdsdelen er ein stor isklump som endrar og flyttar seg. Einaste man kan kalle ein by er
Oppkaboka.
Geografi
Apoapsia består av forskjellige lag med is som er i konstant beveging. Dette gjer at kystlinja stadig endrar seg, og område som før låg heilt oppe på isen kan plutseleg bly trykt langt ned i havet under isen. Sjølve isen varierar i tjukkelse, der nokre plassar berre er 0-20 meter djupt, medan andre kan vere 200-300 meter djupt.
Demografi
Det einaste, utanom innbyggjarane i
Oppkaboka, som har funne seg tilrette i dette ladskapet, er poldyr og andre skumle monstre. Alle dei siviliserte rasane, som ein kjenner til, bur i og i nærleik til
Oppkaboka.
Stabilitet og politikk
Apoapsia er sånn sett eit friområde, men
Ravencroft Byen har prøvd å argumentere for eigarskap. Dette var noko av det som leia til ekspedisjonen som igjen leia til
Oppkaboka.
Klima
Klima er kaldt, med varierande vêr. Det er meir stabilt enn i
Periapsia, men det kan både regne, snø, tordne og lyne i Apoapsia. For dei få som bur i denne verdsdelen betyr dette ikkje så mykje, då dei bur under isen. Dag og natt er like her, men igjen merker ingen dette grunna den kunstige belysninga ein har laga til under isen. Temperaturen varierar frå -15 til 10 grader celsius.
Fun facts