Om Valanda
Valanda er ei gruppe med store og små øyer i havet sør for Secrania og som strekker seg frå
Balzaar i vest og nesten heilt til
Rathgort i aust. Mange av øyene, spesielt dei midt og vest i Valanda har tropisk klima, medan øyer som
Estliar og
Kolonnøy i aust har meir borealt klima.
Geografi
Valanda består av mange øygrupper og enkelte øyer, men har i hovudsak av fire større øyer. Store regnskogar, fjell, mindre øyer og klare innsjøer er noko av det man kan sjå i Valanda.
Westerall
Westerall
Nagár
Nagár
Estliar
Estliar
Kolonnøy
Kolonnøy
Demografi
Den generelle demografien i Valanda er i hovudsak alvar, og spreidde menneskebusetnader. Unntaket her er Kolonnøy med det breiaste mangfaldet. Deretter kjem Estliar som også er ein del mangfald i, men som har meire separerte områder for dei forskjellige rasane.
Stabilitet og politikk
Valanda er i nedre skala når det kjem til stabilitet. Man har toppen med
Kolonnøy som ein framangangs-stat, medan mykje av resten av Valanda er lovlaus og heim til bandittar. Piratar gjøymer seg ofte i denne verdsdelen, og reiser nordover mot
Secrania og
Balzaar for å plyndre.
Klima
Kimaet i Valanda er varierande. I sumarmånadane er det mykje regn, og det mørknar tidleg om kvelden. Om vinteren skulle ein tru at det blei varmare, men grunna strømningar i sjøane rundt Valanda som avtar på vinteren, så balanserer dette seg. Dette gjer at vinter i Valanda gjerne kan vere frå 6-10 grader celsius, medan sumaren ligg rundt 25-30 grader celsius.
Fun facts
- Valanda er einaste området på Tella som ligg sør for ekvator og likevel opplever varme om sumaren og kulde om vinteren.
- Valanda er den verdsdelen på Tella som opplever mest turisme om sumaren.
- Valanda har det sydlegaste geografiske punktet på Tella som ikkje er ein av dei isa verdsdelane