Om
Estliar er ei øy i
Valanda som ligg mellom
Nagár i vest og
Kolonnøy i aust. Øya har nyleg fått god kontakt med
Kolonnøy grunna interesse for teknologi og har ved fleire anledningar vore på ekspedisjon til og hatt besøk frå
Kolonnøy.
Politisk stabilitet
I motsetnad til områda rundt så er Estliar ei heller stabil øy med kontinuitet i styresett, rolege innbyggjarar og godt vêr. Dette gjer at innbyggjarane er tilfreds og ikkje stiller spørsmål med leiarane på øya. Det har tradisjonelt vert eit problem med piratar, men grunna lite store verdiar hjå innbyggjarane, strenge straffar og godt forsvar så er ikkje problemet noko serleg å snakka om lenger.
Klima
Milde vintrar, milde sumrar og ellers moderat nedbør. Perfekt for landbruk.
Økonomi
Øya er sjølvforsynt med det innbyggjarane treng, og har moderat økonomisk kontakt med omverda.