Tømmerhaug

Om

Tømmerhaug er ei lita bygd i innlander av Fjordane FylkeKolonnøy. Bygda er relativt liten, men spelar ei viktig rolle i økonimien til Kongeriket Kolonnøy ved å vere den største tøpperprodusenten på Kolonnøy.

Historie

Tidleg historie

Tømmerhaug har røtter heilt tilbake til Den 2. tidrekning gjennom at det har budd hobbiter her så lenge ein kan hugse. Mange frå tømmerhaug påstår også at det har budd folk i Tømmerhaug heilt tilbake til Den 1. tidsrekninga. Det ein veit frå tidlege tider i Tømmerhaug var at det i mange år var ei bygd utan noko serleg kommunikasjon med omverda. Dei klarte seg sjølv og var nøgd med det. Områda rundt Tømmerhaug var innanfor å besøke, men lenger inn mot fjella i aust og vest mot sjøen var opplevd som farlige områder. På denne tida var sjøen mykje lågar, og ein del terreng låg enda lenger ute mot kysten, så å sjå Tømmerhaugværingar heilt ute der kysten er i dag var ikkje uvanleg.

Seinare historie

Etter at menneska hadde sitt inntog på Kolonnøy fekk fleire og fleire i Tømmerhaug idéen om å selje tømmer til menneska. Byggjinga av mange menneskebyer hadde ikkje vert mogleg om ikkje Tømmerhaug hadde supplert med tømmer. I løpet av "101-årskrigen" fekk Tømmerhaug ei enda viktigare rolle i å levere trelast og tømmer til frontlinjene og orkeangrep-råka byar på frontlija. Dette gjorde at frakvegane mot Lochlarch og Port Maasesund blei veldig gode etter kvart. Dette for å kunne frakte tømmeret på ein god måte. Etter krigen blei byen på nytt viktig for å byggje Mangaar og Luneaa.

Moderne historie

Mot slutten av Den 3. tidrekninga hadde Tømmerhaug fleire oppdrag med å byggje Vesterstaa vidare, samt levere tømmer til resten av Kongeriket Kolonnøy. Men, alt godt må til slutt ta slutt. Etter den teknologiske revolusjonen starta, fekk ein behov for andre material enn tre. Dette gjorde at produksjonen i Tømmerhaug blei redusert, og mange flytta frå byen grunna overflødig arbeidskraft. No i dag

Geografi

Tømmerhaug er prega av bakkete terreng med store skogar som strekkjer seg mange hundre meter. Sjølve bygda er bygd nede i ein dal, noko som gjer bygda veldig anonym dersom ein berre vandrar forbi. Halve bygda ligg også halvvegs inne i skogen, og dei største trea der er heim til mange innbyggjarar. Jorda er fruktbar, så innbyggjarane ønskjer helst å bygge heimane sine i grotter eller oppe/inne i trea. Mest mogleg må tas vare på for å sikre berekraftig vekst.

Demografi

Innbyggjarane i Tømmerhaug er 80% hobbitar med 20% gnomar som for det meste er tilflyttarar frå mindre buplassar rundt. Det er ein balanse i alderen til innbyggjarane med gamle og unge levande i harmoni.

Kriminalitet

Det er utruleg lite kriminalitet i bygda. Det er difor ikkje noko politi eller anna handhevande mydigheit. Det næraste ein kjem er at sheriffen i byen ordnar ueinigheitar mellom parter, noko som respekterast av alle innbyggjarane.

Økonomi

Tømmerhaug har mykje sjølvstendig økonomi, men nyttar godt av trevareproduksjonen i bygda. Mange ser på dette meir som ei teneste til overda enn noko dei skal tene store pengar på. Dette gjer at bygda ikkje flyt over i penger, men heller har til det dei treng. Det som vert til overs invisterar bygda i gull og sølv. Ein dag kan lykka snu og då har dei pengar på bok til å overleve i all forskuelig framtid.

Landbruk

Landbruket i bygda er for å klare seg sjølv. Ein del driv med husdyr, andre med dyrking av jorda. Desse oppgåvene går i arv frå far til son og dette reflekterast ofte i etternamna til innbyggjarane.

Tenester

Grunnleggjande tenester kan ein finne i Tømmerhaug. Smed, butikk og anna skal gå an å oppdrive. Den største kundebasen er folk frå bygda, så ein kan forvente ganske høge prisar dersom ein kjem som reisande og skal handle.

Trevareproduksjon

Dei store skogane rundt Tømmerhaug er ideelle for å hente ut tømmer. Innbyggjarane i Tømmerhaug har meir kunnskap rundt dette enn nokon andre på heile Kolonnøy, og også rundt det å drive bærekraftig skogbruk. Store trer vert henta ut og bearbeida før sending ut i marknaden. Utvelgina av trer skjer i henhold til planar laga hundrevis av år tilbake. Dette gjer at ein alltid hentar ut dei modne trea, og får planta nye i henhold til bast praksis.

Religion

Innbyggjarane i Tømmerhaug er ganske øvertruiske, og dette er deira mest priminente gudar.

Mielikki, ho-guden over skogen

NG - Nature - Einhjørning-hovud

Gond, guden over handverk

N - Knowledge - Tannhjul med fire spiler

Silvanus, guden over vill natur

N - Nature - Eikelau

Ilmater, guden over uthaldenheit

LG - Life - Hender bundet over handleddet med raud tråd

Styring

Bygda styrast av sheriffen i bygda. Han er lovgivande, handhevande og dømmar. Sheriffen veljast 3. år, men det er sjeldan sheriffen vert bytta ut. Tittelen går som oftast i arv frå sheriff til son/dotter.

Transport

Tømmerhaug i seg sjølv har ikkje utbygd infrastruktur til å frakte folk. Dei har derimot ein del vogner og trekkdyr for å dra tømmer ut av skogane og inn til bygda. Transport til og frå bygda går med vogner utsendt frå Luneaa, og av og til Mangaar.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Tømmerlasting

Det er eit syn å sjå små hobbitar laste storer trer på vogner for å så frakte det til sagbruket og deretter på vogntog for frakt ut av bygda. Dette er noko å få med seg dersom ein er i Tømmerhaug.
Type
Town
Location under
Owning Organization
Characters in Location