Luneaa

Om

Luneaa er ein viktig handelsby vest på Kolonnøy. Byen er mest kjend for marknaden sin der hundrevis av salgsfolk samlar seg kvar dag for å selge varer frå heile Kolonnøy. Dersom du skal ha noko utanøysk, må du nok reise til Sæbe, men ALT anna kan du finne på marknaden i Luneaa.

Historie

Tidleg historie

På lik linje med Vesterstaa så er Luneaa ein heller ny by sett i lys av dei andre urbane strøka på Kolonnøy. Byen vaks fram som ein nødvendig plass å sende og motta varer frå sør i Kongeriket Kolonnøy.

Seinare historie

Det var etter "101-årskrigen" at Luneaa begynte som eit samarbeidsprosjekt mellom Mangaar, Tømmerhaug, og Sæbe. Byen blei laga bet for bet, og er nok den mest planlagte byen på Kolonnøy. Hovedvegen gjekk på denne tida sørover mot Tømmerhaug før den gjekk vidare mot Mangaar. Denne vegen er no vanskelig, då den gamle brua er falleferdig og vanskeleg å navigere.

Moderne historie

I dag er det kome ny veg mellom Luneaa og Mangaar. Dette er den mest moderne vegen på heile Kolonnøy og er ein fryd å navigere. Dette gjer at delikate kjøretøy kan nytte vegen også, så ny transportteknologi utvikla i Sandstaa testast ofte her.

Geografi

Luneaa ligg ved kysten, og nord for ein fjord. Byen er ein del av Fjordane Fylke og ligg dermed sørfor Sæbekrinsen Fylke. Byenligg på eit nes med mindre elvar som strekker seg inn i byen. Disse elvane ligg det ofte båtar og venter på å få leggje til kai ved marknaden.

Demografi

Luneaa har for det meste mennesker som innbyggjarar, men i gatene ser man absålutt alle forskjellige rasar. Dette kjem av byen sin status som handelsby, og som knytepunkt for reisande nordover frå Fjordane Fylke. Den nest tørste rasen er gnomar, og deretter hobbiter.

Kriminalitet

Med ein så global plass som Luneaa er, så skal ein ikkje leite lenge etter shady-e ting. Ein bør passe på pengepungen sin når ein går igjennom byen, då mange tjuvar på jakt etter eit lett bytte kanskje ikkje er så langt bak deg i gata... Elles fins det bakgater med shady aktivitet, samt kjellarar med butikkar der ein kan kjøpa det mest utrulege. Ofte til veeeldig gode prisar.

Økonomi

Forskjellen på rik og fattig kunne vel ikkje vert tydlegare enn i Luneaa. Mange har gjort seg steinrike på handel og frakt, og lever no herrens glade dager. Luneaa Bystyre har også hatt ein ganske fientleg politikk mot dei fattigaste i byen, då skattar og avgiftar har ein tendens til å havne i lommene til styrande folk og ikkje dei som treng det mest. Sånn sett er det ein rik by, men med store skilnader på dei som nyttar seg av denne rikdommen. 

Produksjon

Møbelproduksjon

Meg god tilgang på tømmer frå Tømmerhaug har Luneaa vekst seg fram som ein stor produsent av møblar og andre produkt i tre. Dette er ein av dei største eksportane byen har mot hovudstaden Sæbe.

Tenester

Marknaden

På marknaden i Luneaa kan man finne det meste frå heile Kolonnøy. Dette gjer Luneaa til eit attraktiv reisemål dersom ein skal ha tak i noko obskurt greier ein ikkje får tak i andre plassar.

Religion

I Luneaa er det mange forskjellige religionar, men eit par står ut som veldig utbreidte.

Waukeen, ho-guden over handel

N - Knowledge, Trickery - Ein upright peng med Waukeen sin profil mot venstre.

Tymora, ho-guden over godt hell

CG - Trickery - Peng med ansikt opp

Styring

Byen styrast i praksis av Luneaa Bystyre som ein del av Fjordane Fylke. Fylket er styrt av Kongeriket Kolonnøy og dette gjer at mange av lovane og reglane frå kongeriket også er i Luneaa. Luneaa Bystyre har likevel prøvd å distansiere seg litt frå kongeriket sin påverknad, då for å kunne maksimere profitt.

Transport

Som andre byar tilbyr ein hesteutleige og hestesal i Luneaa. Utan om det, er sjøvegen beste alternativ for å kome seg vidare. Det er alltid ein båt i Luneaa, men ikkje alltid til salgs. Elles er Schnellrasch Speedwagon eit godt alternativ dersom ein skal reise til Mangaar, og ein har litt pengar på bok.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Barnekoret

Barnekoret i Luneaa er virkelig noko å få med seg derom ein er i byen. Små ungar som syng trestemt... Kva kan bli betre?
Type
City
Location under
Owning Organization