Den Kolonnøyske Togbane

Om

Den Kolonnøyske togbane er ei togbane som går frå Sæbe til VesterstaaKolonnøy. Togbana blei bygd mens Det Kolonnøyske Tog blei utvikla. Det tok nesten 10 år å grave ut tunnellane som gjekk sørover frå Sæbe, og dette var det siste utbygningsprosjektet på bana. Ein byrja med å byggje frå Vesterstaa i sør samstundes som ein starta på tunnellen frå Sæbe.

Kontrovers

Under bygninga av togbana blei det ekspropriert mykje landområde aust for Vesterstaa. Dette gjorde at mange som hadde gardar på den sida fekk mindre land til dyrking og buskap. Det igjen gjorde at Anti Tog-Utbygging gruppa hadde sitt framtog på starten av 1700-tallet. Mange av grunnleggjarane av gruppa jobba politisk mot denne utbyggjinga, men møtte ingen imøtekomming frå myndigheitane. Etter at toget vart sett i drift slutt mange i transportnæringa seg til ATU si sak, då dei også såg mindre oppdrag. Barn av grunnleggjarane tok over makta i gruppa, og desse var enda meir ekstreme enn sine foreldre. Det enda i fleire terrorangrep mot togbana i åra før Det Kolonnøyske Ekspresstog kom i drift. Etter dette intensiverte Kongeriket Kolonnøy vakthaldet ved linja, og gjekk aktivt inn for å slå ned ATU.

Utviding til Luneaa

På midten av 1730-tallet blei det bestemt å utvide togbana heilt sør til Luneaa. Fjordane Fylke blei pålagt å finne trassé til denne nye utvidelsen. Arbeidet blei derimot stoppa under Invasjonen av Alveriket i 1737, då mange av konsulentane blei sendt i krigen.
Founding Date
1714
Type
Railroad
Parent Location
Owning Organization
Related Report (Primary Locations)