Dalvika

Om

Dalvika er ein by heilt nord på Kolonnøy på alveøya Skjermøy. Byen har historisk sett vert ein alveby i mange år før byen blei annektert av menneska etter "101-årskrigen" på samme måte som Sandstaa. I motsetning til i Sandstaa så var overtakinga ikkje fult så fredeleg i Dalvika.

Historie

Tidleg historie

Dalvika var ein av dei første byane som oppsto på Kolonnøy når avlane gjekk i land i andre del av Den 2. tidsrekninga. Byen hadde då namnet Hartarash og var juvelen i alveriket. Byen var også hovudstad for Kolonnøy så lenge alvane var i kontroll over øya. 

Seinare historie

Etter at menneske kom til Kolonnøy fekk Dalvika ei ny rolle som stoppestad på reisa mellom resten av alvebyane og Sæbe. På den tida var ikkje båtteknologien så god, så eit stopp både i Dalvika og i Sandstaa (Valderanian) var viktig på reisa. Dette gjorde at mange menneske slo seg ned i byen på samme måte som i Sandstaa

Annekseringa av Dalvika

Etter "101-årskrigen" meinte menneska at byen rettmessig tilhøyrde det nyoppretta Kongeriket Kolonnøy, og skulle overførast til menneska. Dette skjedde først i Sandstaa nokså fredleg, men ikkje så fredleg nokre dagar etter i Dalvika. Mange meinte at byen hadde så viktige røtter tilbake til etableringa av Alveriket at byen ikkje kunne gjes til Kongeriket Kolonnøy. Dette enda med eit misslykka angrep på byen av menneska, der innbyggjarane greidde å halde invasjonen tilbake. Men, etter dette bestemte alvane seg for å kaste ut alle andre rasar enn alvane frå Dalvika, noko som blei møtt med fordømming. Alle i byen hadde stått i mot angrepet, og menneska hadde stått skulder i skulder med alvane og forsvart byen. Dette var no glømt. Det som så skjedde var at eit opprør internt i Dalvika starta mot alveleiinga. Dette blei eit blodig opprør, spesielt når menneskestyrkane utanfor byen fekk vete kva som foregjekk inne i byen. Den kvelden gjekk dei millitære styrkane inn i byen igjen for å bruka opprøret til å styrte alvestyret og jage Alveriket ut av Dalvika. Ute på natta til den 29. Femmånad 325 3T forlot alvane Dalvika og flykta sørover i Alveriket. Til den dag i dag er det framleis diskusjonar om det var den samla millitære makta som pressa alvane ut, eller om alvane rett og slett såg all død og fordervelse som unødvendig og heller trakk seg ut.

Moderne historie

Etter annekseringa fekk byen offesielt namnet Dalvika, og eit omfattande arbeid med å ombyggje alle hus og offentlege bygningar til å vere meir i stil til menneska. Bygningane har fortsat preg av alvsk arkitektur, men det er tona veldig ned. Etter kaoset rundt annekseringa blei eit styre i Dalvika vanskelig å setje ned. Dette gjorde at kriminalitet blomstra opp, og mange gjengar fann sin heim i Dalvika. I dag er Dalvika ikkje den mest innbydande byen. Kriminalitet, elende, sjukdom og heimlausheit er daglegdags i byen. 

Geografi

Dalvika ligg nede i ein dal mellom store klipper. For å komme ned der må ein ta trappene eller treheis ned i dalen. Mot nord er det ei vik som strekkjer seg inn i byen. Ganske spesielt å sjå frå sjøvegen, og vel så spesielt å kome frå hovedvegen. Der forsvinn berre naturen ned i dalen når ein nesten er kome til kysten. I sjølve Dalvika er underlaget ustabilt mange plassar grunna sjøvatnet som slåt inn mot byen. Det er laga moloar og beskyttelse for dette, men utstyret er gammalt og vert ofte øydelagt.

Demografi

Dei fleste som bur i Dalvika er menneske, med ein liten populasjon alvar som framleis bur der. Elles er det varierande av andre rasar som har funne sin heim der. Ofte kriminelle. Menneska utgjer ca. 70% medan alvane 15%. Resten er tieflings, ein og annan drakefødt, dvargar og gnomar. Det er heller ikkje uvanleg å finne ein eller annan fey-skapning eller Shadowfell-skapning.

Kriminalitet

Dalvika er kriminelles mekka. Grunna at Dalvika Bystyre ser gjennom fingrane på mykje av det som skjer, så har byen blitt ein fristad for mange yrkeskriminelle. Dei opererar internt i Dalvika, men også ut mot andre delar av Kolonnøy, spesielt mot Sandstaa. Mange gjengar og bandar har også hovedkvartera sine i Dalvika.

Økonomi

Byen har ikkje noko særlig inntekt utanom skattar og avgifter på tenester i byen. Dalvika Bystyre prøver så godt dei kan å vere ærlige på dette, men med så lavt inntektsgrunnlag er dei nøtt til å snu seg mot dei kriminelle og få pengar derfrå på ein eller anna måte.

Spesialbutikkar

I Dalvika kan ein finne folk som sel alt mogleg. Kvanta er ikkje alltid så stort, men ein kan finne det meste ein søkjer etter. Dersom ein ikkje er redd for at det ein kjøper er tjuvgods, så kan man gjere eit varp der!

Tenester

Våpenproduksjon

Den mest organiserte produksjonen i Dalvika er våpenproduksjon. Kanoner, arbrøster, sverd og anna. Fabrikkane er samlingsplass for dei som ønskjer å jobbe redeleg utan kriminalitet, sjølv om lønna er luselønn. Byen har fått mykje kritikk for disse fabbrikkane, då mange av dei ansette er mindreårige heilt nede i 8-årsalderen. Billeg arbeidskraft ønskjer ein alltid...

Leie-kriminelle

Dersom du skal ha "noko" gjort er Dalvika plassen for deg. Ein finn altids ein eller anna spesialist innan eit spesifikt kriminelt fagfelt. Forfalskning, ran, helleri eller drap. Kostnaden er betydeleg, men ein betalar for kompetanse og kvalitet...

Religion

I Dalvika er det viktig å ikkje kome på kant med religionane i gatene. Dei godkjende religionane er praktisert rundt om, men mange av dei kriminelle i byen har eigne gudar dei tilber. Disse må ein ikkje kome på kant med.

Tymora, ho-guden over godt hell

CG - Trickery - Peng med ansikt opp

Mask, guden over tjuvar

CN - Trickery - Svart maske

Cyric, guden over løgner

CE - Trickery - Kjevelaus hovudskalle med solbakgrunn

Bhaal, guden over mord

NE - Death - Hovudskalle med ring av bloddråpar

Styring

Dalvika styrast av Dalvika Bystyre som er underlagt Kongeriket Kolonnøy gjennom Nippetippen Fylke. Styringa er relativt laus, og heile det politiske systemet i Dalvika er korrupt.

Transport

Lettaste vegen til Dalvika er vegen frå Sandstaa, eller med båt frå Sandstaa. Begge alternativa er utsett for angrep av kriminelle, men båt er kanskje å foretrekke dersom ein vil unngå dette. Dersom ein slepp ombord i ein av båtane då... Det går også ein båt frå Dalvika til Nehaldir ein skjeldan gong, men den driftast av alvane og slepp ikkje kven som helst ombord.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Frigjeringsminnemerket

Eit nasjonalistisk minnesmerke frå då byen blei frigjort frå alvane.
Alternative Name(s)
Hartarash
Type
City
Location under
Owning Organization