Vesterstaa

Om

Vesterstaa er ein tettstad på vestkysten av Kolonnøy og er under Kongeriket Kolonnøy. Tettstaden er ein grensetettstad mellom Hal’ Kerah i nord og dei store skogane i sør. Vesterstaa har i dei seinare år hatt ei sentral rolle i utviklinga av Kolonnøy som den første byen til å verte knytt til toglinja mot Sæbe. Til folks feiring, og andres fortvilelse...

Historie

Tidleg historie

Vesterstaa er ikkje ein så gammal tettstad. I mange år var det berre ein liten teltplass for reisande som skulle til Al-Kadaa og ikkje ønskte å ta vassvegen eller reise nesten til Sæbe. Teltplassen vaks med åra, og det blei til slutt laga hus der for å busetje de som dreiv karavannetenestane. Dette bygde så vidare på seg, og fiskarar og gardsbrukarar etablerte seg rundt teltplassen.

Seinare historie

Det var ikkje før Katastrofen i Lochlarch at mange fann seg ein ny heim i Vesterstaa. Blant anna var grunnleggjaren Faldir Maldak ein føregangsperson for byen, og var han som verkeleg satt byen på kartet. Dette gjorde at tettstaden vaks betrakteleg mot slutten av Den 3. tidsrekning, og bru til Hal’ Kerah blei bygga; Hal’ Kerah-brua. Båtruta sørover til Luneaa begynte no å gå innom Vesterstaa, og tettstaden fekk plutseleg mykje meir turisme.

Moderne historie

No for tida er Vesterstaa framleis i vekst, og ein trur at den nye togbana sør mot Luneaa vil gje enda meire bumoglegheiter og gründermoglegheiter. Det blei i alle fall mykje fleire reisande gjennom tettstaden etter at togbana mot Sæbe blei bygd, sjølv om det kanskje ikkje blei så mykje utbygging som ein hadde drøymd om.

Geografi

Tettstaden ligg heilt ved kysten i vest, og store sletter i aust. Hal’ Kerah ligg i nord over Hal’ Kerah-brua, medan det i sør er store skogar som strekkjer seg så langt auget kan sjå. Vesterstaa er relativt flatt, berre med ein haug omtrent midt i tettstaden der Kommunehuset i Vesterstaa blant anna ligg.

Demografi

Vesterstaa er ein fleirkulturell tettstad. Her finn ein alt frå menneske, goliater, tieflings, hobbiter, gnomar, alvar og alt anna. Berre Luneaa kan måla seg med mangfalden. Likevel er dei fleste menneske, og utgjer rundt 40% av innmyggjarane. Sosiale klassar ser man tydeleg i tettstaden, der dei som har mest å rutte med bur mot havna, medan dei andre litt meir stusselege bur ved elva og mot gardane.

Kriminalitet

Ein kan føle seg relativt trygg i Vesterstaa, då det ikkje er serlig mykje kriminalitet. Men, dei seinare åra har det vert ein del aksjonar og terrorismeforsøk i samband med togutbygginga mellom Vesterstaa og Sæbe. Etter at det blei annonsert ønskjer om å vidare utvide denne bana til Luneaa, har aksjonane tatt seg opp igjen.

Økonomi

Økonomien i Vesterstaa er relativt stabil og god. Ein del handel med tilreisande har gitt ein del midlar til statleg finansierte prosjekt. Turisme er den største inntektskjelda, utanom fiske.

Landbruk

Landbruket er ein viktig del av tettstaden sin identitet. Det aller meste som vert produsert går direkte til bruk i Vesterstaa, men eit og anna overskudd vert seld ut på Kolonnøy's markeder.

Fiske

Vesterstaa er kjend for det fantastiske fisket der. Mange har difor vald denne næringa som sitt levebrø. Mange av restaurantane serverar dagens fangst, og det smakar himmelsk. Mykje av fisken som vert tatt opp vert sendt vidare med båt nordover mot Sandstaa og Sæbe, eller sørover mot Luneaa.

Produksjon

Diverse fiskeprodukt vert laga i Vesterstaa, og mykje av dette vert frakta med tog til Sæbe for vidaresal ut på marknadane i Tella. Dette er noko som starta opp i Den Teknologiske Revolusjonen, og har ikkje fått moda seg heilt enno.

Tenester

Mange av tenestene ein har i Vesterstaa er der for å tene innbyggjarane, men også dei mange turistane som kjem innom tettstaden. Her er nokre tenester som er verdt å nemne.

Los

Det kan vere vanskeleg å navigere vidare sør mot Luneaa, så diverse losetenester fins i Vesterstaa. Både private, men også offentlege losar utsendt av Vesterstaa Kommune.

Karavanne

Tradisjonen med karavannetenestar er framleis viktig for Vesterstaa. Sidan vassruta til Al-Kadaa ikkje lenger er ein trygg reiseveg, har mange vald å reise heilt til Vesterstaa for så å ta seg inn i Hal’ Kerah sørifrå. Dei meir dristige tar gjerne gamlevegen nord for Vantar, men dette er eit tryggare alternativ. Eller, så trygt det kan verte...

Religion

Vesterstaa har ingen konkret religion dei praktiserar over andre, men heldt seg på same linje som Kongeriket Kolonnøy og dets føringar. Mange har derimot overtru, noko som dei meiner hjelper dei til betre fiske og betre avlingar.

Styring

Tettstaden er styrt av Vesterstaa Kommune og ligg juridisk under Kongeriket Kolonnøy gjennom Sæbekrinsen Fylke. Tettstaden fungerar for det meste autonomt, men ein del policyer vert pålagt dei gjennom kongeriket grunna den strategisk viktige plasseringa av tettstaden.

Transport

Transport til og frå Vesterstaa skjer for det meste ved veg, skip eller den nyopna togbana som går til og frå Sæbe. Vesterstaa er også kjend for å vere den nærmaste plassen for å reise til Al-Kadaa. Karavanner går av og til nordover mot Al-Kadaa, men det er ein farleg og utmattande tur. Elles er Vesterstaa sentral i forbindinga mellom nord og sør i Kongeriket Kolonnøy. Det har gjort at mange teneste-bedrifter har blomstra opp i byen.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Tivoliet i Vesterstaa

Vesterstaa Tivoli er ein event som trekkjer mange til tettstaden. Heile dagen er det gøy med leikar og spel, og på kvelden er det fyrverkeri og karneval. Verkeleg noko å reise til Vesterstaa for å oppleve!

Vinterfesten

Vinterfesten skjer i slutten av året og samlar heile bygda til ein fest for å feire året som har gått. Lokal fisk vert servert, og mange slektningar og kjende av Vesterstaaværingar kjem heim til festlegheitane.

Vårdugnaden

Om våren organiserar mange av bøndene aktivitetar for byfolk som ønskjer å leve på ein ekte gard. For kost og losji jobbar deltakarane på garden gjennom nokre veker. Dette er til glede for både bønder, turistar og lokalsamfunn.

Fiske

Det er eit særs godt fiske i Vesterstaa og ein kan fiske store ruggar heilt inn ved land. Vil man ta dei aller største, er nok å reise ut med båt det beste alternativet. Lei deg ein båt, eller hopp med ein fiskar for å få oppleve storfangst.

Maps

  • Vesterstaa