DFDMK - Sesj 31 - Gjekk tidleg i grava
General Summary
Sesjen starta med at Pennelope og Brand kom for å gje beskjed om at faren, Chad-Geir, er på saken. Dei ville også sjekke kor dei var. Dersom dei reiste, blei Dei Få einige med Pennelope om at beskjed skulle leverast til Dulok. Betaling skulle dei også få ordne med. Deretter gjekk turen opp til Gravkammeret der dei traff på Dekan Turdex. Han tok dei imot og inviterte dei inn på eit kontor for å snakke om det dei er på jakt etter. Tragn fekk ei øl, Nobina fekk te, og Matheus og Adam fekk kvar sin sukkerbet. Deretter fortalte Turdex om at det hadde vert tidlegare besøkande som var på jakt etter det same som dei. Det hadde endt med grav-røveri og anna djevelskap. No er der noko der nede i gravkammeret, etterlatt av tjuvane, som ikkje må sleppe ut. Det er vaktar som heldt på skapningen, og dersom dei slepp ut, skal dei få låne dette "objektet". Dei blei tatt med ned i grotta og deretter stengt inne. Ein time har dei på seg, ellers vil dei lukke gravkammeret foraltid. Inne i gravkammeret har dei no nytta 30 minutt til å undersøkje rundt. Det siste som skjedde var at dei fann ei magisk kule som dei instruerte ADAM til å ta på medan dei sjølv gjømde seg. Her slutta sesjen...