Ein campaign som skjedde ein del år før historia Legenden om Ku'leis. Me følger eventyret til 4 eventyrere på øya Kolonnøy sør på Tella i verdensdelen Valanda. Valanda er ei mengd mindre og større øyer som formar eit belte med landmassar mellom Secrania og Balzar i sør. Kolonnøy heldt seg for det meste for seg sjølv, og greier å handtere det meste uten innblanding frå omverdenen.
Øya blei først oppdaga i Den 3. tidsrekning rundt år 200, då utvandrarar frå Secrania reiste frå Austerland og Sønderland i håp om betre liv. På den tida var det berre alvar og orkar som budde på Kolonnøy: Orkane i sør, og alvane i nord. Etter mange år med krig greidde menneska og alvane å drive orkane tilbake og greidde å få ned nokre enkle bygder rundt om på øya. Desse bygdene vaks seg større, og no er menneska dei som okkuperer det meste av Kolonnøy. Dei har ein liten del av Skjermøy i nord, samt ein stor del av vestre delen av sjølve Kolonnøy.
Mot midten av Den 3. tidsrekning begynte det å trekkje dvergar til øya også, på leit etter rikdom i dei store fjella liggande som eit skille mellom aust og vest på Kolonnøy. Dei blei då liggande midt imellom orkane og menneska, noko dei ikkje er nøgd med og anklagar menneska for å lite for mykje på at dvergane skal holde orkane tilbake. Menneska har heller eit anstrengt forhold til dvergane, då dei meiner dvergane bere kom og tok seg tilrette på øya. Det har gjort at menneska er relativt var for utanøyske personer, anna enn i dei store byane som ser ein del turisme. For menneska og dvergane er det et meir business-forhold: Dvergane får mat og tømmer, menneska får mineraler.
Opp i det heile har me alvane. Etter krigane blei dei igjen på Skjermøy, men laga seg større byar på sørsida av ørkenen på Skjermøy. Der har dei vokta innseglinga mellom dei to øyena, for dei veit at dersom orkane angrip Sæbe, menneskehovedstaden på øya, vil orkane få for mykje kontroll på viktig infrastruktur og viktige strategiske ruter. Menneska på sin side voktar innsegling i andre enden, men det er av meire økonomiske grunnar...
Året er no 54 i Den 4. tidsrekning, og mykje har gått seg til på øya. Teknologien som kom med det fjerde tidsrekningskiftet har gjort at ny infrastruktur er under bygging. Luftskip-ruter mot fastlandet er etablert, sjølv om det for det meste eksisterer for dei rikaste. Dette er på veg til å snu no som ting vert billegare og teknologien er på stormande framsteg. Men, vil øya greie å motstå dei mørke kreftane som begynner å vise seg? Vil dvergane tolerere at dei er mellomleddet mellom menneska og orkane? Vil alvane fortsetta å beskytte stredet mellom øyene? Vil innvandringa av andre rasar utvatne det menneska ser som rettmessige innbyggarar på øya? Eller vil det politiske landskapet rett og slett rive den siviliserte menneskeverda frå kvarandre på øya?
Velkommen til Kolonnøy!