DFDMK - Sesj 15 - Falken brenner
General Summary
Sesjen starta med at gjengen scouta ut korleis dei ville gå inn i huset. Nobina og Tragn fekk bak huset sjå at Rochard Del’Daruu og Kongen motiverte massane med soldatar for å gå i krigen. Etter dette gjekk dei fram til framsida av huset og gjorde seg klar til å gå inn. Gjengen tok seg inn i huset til der Falck på ein brutal måte. Dei tok livet av to vaktar på veg inn og skapa kaos i det dei navigerte seg opp til øverste etasje i huset. Der blei dei fulgt av store massar av vaktar, noko Nobina greidde å stoppe med eld, etter at Matheus la Grease i trappa. Dei tok fort med seg ei oppfinning og ein blueprint før dei flykta ut vindauget. Deretter gridde dei å snike seg vekk med å overtale vaktane. Deretter gjekk turen til familien Blomendal sitt hus. Der fekk dei vete at Yema og Tharlock hadde blitt verva til krigen, og dei var ikkje lenger der. De mottok 200gp for jobben, samt 20gp kvar (også ADAM). Dei blei også lova 1000gp dersom dei greidde å stille leiaren for KMA for retten. På veg ut blei dei ringd opp av Dangfart Sjøsalt som informerte om at han , Drei Zehn og Gunther Stålsatt hadde flykta frå Havnebassenget. Matheus svarte at han måtte informere dei meir undervegs. Deretter gjekk turen mot Slottet i Sæbe der dei greidde å snike seg gjennom to nivå med portar før dei tok seg ned i fangekjellaren. Der overtala dei den første vakten til å ta dei inn i fengselet med ein "fange". Dette gjorde han, og dei blei leda inn. På veg inn såg dei mange forskjellige figurar, blant anna Harmonica, som hadde blitt fengsla. Dei såg også ein nedgang bak ei celle som virka å lyse opp. Sesjen vart avslutta med at gjengen gjekk til angrep på vaktane der dei drap to av dei, og batt fast to andre.