DFDMK - Sesj 6 - Mindy's Redningsmenn
General Summary
Gjengen bestemte seg for å splitte seg, der Sal og Matheus stilte seg opp på gata og tilbydde tenester til befolkningen av Sæbe. Nobina tok seg ein tur opp til Tekniske fakultet for å høyre kvar Valanda Privatskule avd. Sæbe ligg. Etter å ha spurd rundt fekk ho vete at det er nede i velurgata attmed Fagmannen's Brønn. Tragn tok turen ned til Sug og Sprut Vaksentenester for å snakke med gjengen der. Etter ei lengre utspørring sat han seg ned utanfor og venta på denne typen han skulle ta. Etter ei stund ute på kvelden samla dei seg utanfor SoSV, der Trang til slutt fekk auge på denne luringen saman med Mindy. Han sneik seg etter dei, og Sal sneik seg vidare etter Tragn. Her tok Matheus og Nobina kvelden. Etter å ha fulgd dei hei stund, kom dei til eit hus som Mindy og kunden gjekk innom. Dei venta litt, og plutseleg satt Mindy i eit skrik og Tragn braut seg inn. Der vart det kamp mellom dei. Det heile enda med at Sal batt kunden på armar og bein og prøvde å stoppe han. Men, han teleporterte til ein plass lengre borte på ei bru og prøvde å stikke av. Då flaug Sal etter han og Falcon Puncha han midt i trynet. Kunden blacka ut og det kom vaktar som tok han med seg i fengsel. Karane fekk so 40gp totalt, noko som dei delte mellom seg. Dagen avslutta med at dei samla seg på Fagmannens Brønn og gjekk til ro.