DFDMK - Sesj 20 - Farvel Sæbe

General Summary

Sesjen starta med at gjengen kom ut av den magiske dimensjonen til krystallane. Matheus var kjapp på labben og fekk redda både Tragn og Nobina før dei enda opp med å daue permanent. Deretter blei dei sittande og kome seg utover morgonkvisten. Då dei hadde kom seg nok bestemte dei seg for å ringe Dangfart Sjøsalt for å høyre kva som skjedde med dei. Dei fekk då til svar at kartet må ha noko med nokre teleporteringssirklar å gjere. Dei fekk også beskjed å kome seg sørover så fort som mogeleg sidan dei ikkje hadde flykta med flyktningsskipet. Dei tok då fatt på ein siste tur i Sæbe, etter at dei hadde forkledd seg som diplomatar frå Al-Kadaa.   Først tok dei seg til Sæbe Stasjon for å sjå om det var tog der som dei kunne reise med. Der møtte dei på Jonataan Storm'an, ein vaktmeister på stasjonen, som kunne fortelje at toget sto på vedlikeholdsstasjonen inne i fjellet sør for Sæbe. Tunnelane er også plombert, så dei kjem seg ikkje inn tunnel-inngangen. Men, han meinte at kanskje dei kunne finne vedlikehaldsstasjonen med å ta seg inn gjennom den gamle grotta sør for Sæbe. Dei bestemte seg då for å finne hest og kjerre, og ta landevegen ned til den gamle grotta for å få tilgang til vedlikehaldsstasjonen. Matheus kjenner til denne.   Dei gjekk så til “Fulle Mule” Hest og Stall-tenester og fann seg hest og kjerre. Ingen var heime, så dei tok seg tilrette. Så bar turen sørover gjordene og vekk frå Sæbe. Med ein flink Tragn bak spakane kom dei seg fram til ein lysning i skogen der dei no ser grotteinngangen framfor seg. Her slutta sesjen for no.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
15 Jul 2024
Primary Location
Sæbe
Secondary Location
Kolonnøy

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild