DFDMK - Sesj 34 - Gull til besvær

General Summary

Sesjen starta med at både Matheus og Nobina hadde ei veldig dårleg natt. Dei følte begge at noko prøvde å bite på dei, men dei greidde å stå imot det. Om morgonen kom Pennelope Trostad og Brand Trostad på besøk og ga beskjed om at faren Inspektør Chad-Geir hadde avslutta søket etter katten. Det siste han fann ut var at han framleis var i byen. Etter dette prøvde dei seg rundt i Vesterstaa på jakt etter eit kart for ferda sørover. Det fann dei ikkje, men blei tipsa om at dei oppe i gravkammeret kanskje har folk som hadde gjort denne pilegrimsreisa før. Turen gjekk så vidare opp mot Vesterstaa Gravkammer der dei møtte på ein drakeføydt som tok dei med til ein kar som kunne fortelja om turen sørover.

Etter dette møtet stakk dei nasa inn til Dekan Turdex som har kontor på andre sida av gangen. Der greidde Nobina å forsnakke seg og sei at dei hadde tatt gullet i gravkammeret. Dette fekk Turdex til å klikke, og beordra dei å levere tilbake gullet dei hadde tatt. Det gjorde dei, og Tragn offra også litt ekstra gull for å prøve å vinne favør tilbake. Oppe blei dei vist ut, men Tragn gjorde eit siste forsøk på diplomati, noko som vann dei ei veke med amuletten i staden for å måtte levere den tilbake.

Deretter gjekk dei og kjøpte seg hest og vogn, og satte nasa sørover gjennom skogane og over markane sør mot Milil-tempelet. Tragn tok kontakt med hesten deira og fann ut at hesten sitt eigentlege namn var Leonol som gamle eigaren hadde gitt han. Etter ein del timar satt dei opp camp i skogbrynet, og la seg til å kvile. Ute på natta oppdaga Matheus at noko nerma seg campen deira, og sessjen avslutta med at han høyrde plask og grynt kome frå skogen. Her slutta sesjen...

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
06 May 2025
Primary Location
Vesterstaa
Secondary Location
Kolonnøy

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild