DFDMK - Sesj 30 - Ein alv med namn Sehrlot

General Summary

Sesjen starta med at Dei Få på nytt var invitert med på møte i Motstandsbevegelsen. Der hadde Dangfart Sjøsalt komt med Drei Zehn og Elderalv Sehrlot. Sesjen gjekk for det meste ut på å finne ut kva dei skulle gjere vidare med situasjonen. Følgande punkt blei tatt opp.

  • Hervald Muncher har greid å flykta frå Sæbe, grunna brannar.
  • Sehrlot fekk beskjed om at heile situasjonen er eit trekantdrama mellom Alvane, Menneska og orkane.
  • Alvane har eit våpen som kanskje kan brukast, men Sehrlot ville ikkje snakke om det.
  • Til slutt var han villig til å diskutere det, men dei hadde ikkje ressursane til å ferdigstille våpena.
  • Dette er teikkningar som mest sansynleg ein assosiate for Magnus kanskje veit kvar er, i Sandstaa.
  • Dette er kanskje beste løysing, men det er mykje ueinighet om alvane kan stolast på.

Etter dette gjekk leiinga i Motstandsbevegelsen for å diskutere ei løysing. Rigmor Dallah blei invitert til å vere med ut og diskutere. Når dei kom inn igjen hadde dei funne ut at den beste vegen vidare vil vere å reise til Sandstaa og finne teikningane til våpenet, og deretter få dei til alvane. For å greie det måtte dei kome seg opp til Sandstaa. Forslaget frå Rigmor var å finne ein fantastisk kaptein som på eit tidspunkt var forvandla til stein og ofra i Milil-tempelet. Det fins kanskje magi for å få denne kapteinen tilbake, men det veit nok gravkammeret i Vesterstaa meir om. Ho har god kontakt med dei, og dei har hjelpt heinnar familie i vanskelige tider. Fleire i Motstandsbevegelsen syns dette verkar hakkande gale, så dei vart einige om å fortsetje diskusjonen og planleggjinga dagen etter for å ha fleire alternativ. Etter møtet tok Dei Få seg ein drikk i lag med Dulok og venane hans, før dei så gjekk tilbake til huset sitt. Nobina prøvde på nytt å synkronisere med medajongen. Denne gongen svara ho at ho var sint på krystall-golemen, og denne gongen kom ho vidare. Ho såg seg sjølv stå mellom foreldra sine og såg på tre figurar framfor seg: Ein liten i midten og to store attmed på kvar side. Deretter forsvann dette synet og eit nytt syn kom fram der ho såg Sal T'pote i fengsel medan det lukta dårleg. Deretter kom krystall-golemen sin arm og knuste sal og fengselet, og ho fekk eit nytt syn der ho såg desse tre figurane igjen. Der manifisterte dei seg som figurar ho kjente: Den første var faren heinnar, den andre var bestefaren heinnar, og den siste var onkel Masao. Ho våkna, og ho var då attuna til Medallion of Thoughts. Der stoppa sesjen...

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
28 Feb 2025
Primary Location
Sjøsida Øl- og Vin-stove
Secondary Location
Vesterstaa

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild