DFDMK - Sesj 12 - Infiltrasjonen av Slottet

General Summary

Sesjen starta i fjellheimen rundt Fort Transitus der gjengen teleporterte seg i veg med Biscuit of Sjøsalt. Kvar av dei hadd hadde eit syn kvar, og vakna til slutt opp i Det Kongelige Slott i Sæbe. Der oppdaga dei at det ikkje var folk der, og dei hadde moglegheit til å snika seg rundt og undersøkje. Matheus og Yema greidde å kome seg inn i safen på kontoret til Del'Daruu og snappe opp ein av dei magiske krystallane. Det ser veldig merkelig ut, for det virkar som om ingenting på bordet har blitt flytta på dei siste 2 vekene, sjølv om dei sjølv var på kontoret berre for ei veke sidan...

Følgande informasjon blei funne:

  • Del'Daruu har gitt ordre på å undersøkje kronprinsen og den utvida kongefamilien. Dokumentet er ikkje underskriven av kongen enno.
  • Det er gitt vedtak på å gå til krig mot Alverriket.
  • Kongen er overbevist over at Del'Daruu har rett i sine vurderinga
  • Familien til Kongen ser ut til å ikkje dele same overbevisninga.
  • Kronprinsen har sendt brev att og fram med Kongeriket Austerland om at faren er blitt riv ruskande galen.
  • Eit schredda dokument som viser at bortføringa gjekk etter planen, skriven med ein skrifttype som Matheus kjenner igjen...
  • Ordre frå kronprinsen om at familien må forlate kongeriket.
  • Brev frå Kongerriket Austerland om at "den rettmessige arven" må forlata kongeriket med ein båt som går i overmorgon. Denne personen ser ut til å ha namnet "Hervald ..."
  • Dokument som viser at det har vert ein stor pengebruk den siste tida.
  • Invitasjon frå Keisarriket Midland til bryllaup for døttra til keisaren.
  • Ei årsmelding frå Ravencroft om studiar og teknologi. Samen med dette ligg eit vedtak om at Der Falck skal få overlevert studiane som blei konfiskert frå Magnus Den Store etter hans død. Berre Matheus forsto kva desse dokumenta innehaldt.
  • Det blei overhørt ein samtale på kjøkkenet der dei ansatte er redd for at sonane deira vil verte drepen i Kongen sin invasjon, og at dei håpar dei ikkje får oppleve det som skjedde i Dalvika ein gong til.
  • Ordre om å sette sikkerheitsstyrkane i høgste beredskap.
  • Ordre om å innbringe diverse leigesoldatgrupper til "sonderingssamtalar".
  • Drapsordre på ein del personar, blant anna Gunther Stålsatt.
  • Arrestordre på Dangfart Sjøsalt.
  • Ordre om å innhente "Dei Få" til dokumentunderskriving i morgon, underskriven den 1. Åttmånad 55-5T.
Følgande loot blei funne:
  • Den raude krystallen -> Matheus
  • Ein medallion med orkeskrift på -> Matheus
  • Ei lita flaske med stoff -> Tragn
  • Mystisk flaske inne i ein papirpose -> Tragn
  • Ein stav med fjørbelasta dagger i enden -> Trang
  • Mini-crossbow -> Matheus
  • Referatarkiv -> Nobina

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
16 Dec 2023
Primary Location
Det Kongelige Slott

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild