DFDMK - Sesj 24 - The Great Train Heist
General Summary
Sesjen starta med at gjengen skulle ta seg over til den andre sida av avgrunnen dei stoppa med sist. Det var tilsynelatande tre vegar over: Ein langs veggen og over eit hopp, over bruene, og ein med slengetau. Dei valde å kombinere bruovergangen med å feste seg til slengetauet. Dette gjekk relativt bra, sjølv om dei fekk litt problem med bru nummer to. Vel over inspiserte dei den store treveggen framfor dei, og fann ein liten opning i den der dei traff på ei lita mus. Tragn snakka med musa og blei enige med musa om å ri på ho gjennom veggen for å kome over på den andre sida. Tragn laga so ein avtale med musa om å finne ho ein ny heim dersom dei kunne rive ned veggen. Dette gjekk musa ned på, og dei fekk opna veggen for dei andre. Deretter tok dei seg inn i vedlikehaldsgrotta og fekk eit overblikk. Der var ein del arbeidarar i gong med å demontere toga, og det sto ein gjeng med fargerike leigesoldatar der og passa på. Tragn og musa infiltrerte rommet og kom seg ombord på toget. Der laga dei ein distraksjon med ein kasse sånn at leigesoldatane reagerte. Det gjorde at Matheus og Nobina kunne springe ombord også. ADAM og Mathaus kasta togføraren ut av toghytta, og starta med å få toget i gong. Leigesoldatane prøvde fleire gongar å stoppe dei, men måtte til slutt springe om bord og prøve med makt. No er alle komt seg ombord og toget har begynt å bevege seg. Her slutta sesjen.