DFDMK - Sesj 27 - I motstandens teneste

General Summary

Sesjen starta i møtet der førre sesj slutta. Der fortalte Knarr og at Sjøsalt hadde fått med seg alven Sehrlot frå Al-Kadaa for å bistå i arbeidet. Det var litt skepsis rundt bordet, både frå Dei Få, men også Motstandsbevegelsen. Deretter gjekk møtet over til å snakke om krystallane. Tragn utgreide om dette, samtidig som han informerte om kva orkane hadde holdt på med. Også at det fantes ein drake. Motstandbevegelsen blei forferda av dette, og avslutta møtet for å tygge vidare på den nye informasjonen. Under møtet hadde Dulok prøvd å kaste Detect Magic på kula til Tragn, men Matheus fekk med seg dette og konfronterte han. Etter møtet beklaga Dulok for oppførselen, men forklarte at han enno ikkje heilt stola på dei. Men, for å gjere det godt igjen tilbydde han dei eit hus så lenge dei er i Vesterstaa, gratis. Deretter viste han veg fram til huset.   Dagen etter var oppgåva til Dei Få å avløyse ei gruppe som sat vakt gjennom natta på austsida av Vesterstaa. Nobina ville ta med seg ei gryte for å varsle om farar, så denne fekk Dei Få frå Rigmor. Vel ute i skogen traff dei på utkikkarane, som dei så tok over for. Dei sat seg ned, og etter rundt to timar kom der tre scoutar som dei angreip. Dei prøvde å kome seg vekk, men blei stoppa av Dei Få. Scoutane greidde likevel å blåse i eit horn før dei blei drept. Sesjen avslutta med at det kom svar frå lenger inne i skogen...

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
06 Dec 2024
Primary Location
Sjøsida Øl- og Vin-stove
Secondary Location
Vesterstaa

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild