DFDMK - Sesj 29 - Me overlevde, kva no?
General Summary
Sesjen starta med aftermath etter kampen mot orkane. Matheus undersøkte vatnet der orkane traff og fann eit notat som Knarr oversatte til dei. Han fant også orkesjefen som han tok med seg, og redda livet på. Etter ei lita stund fekk han "telefon" frå Sjøsalt om at dei var på veg nedover til Vesterstaa. Dei fekk ikkje kontakt med Dulok, så han ønskte at Matheus skulle gje beskjeden vidare. Dei hadde møtt på ein drake på veg sørover, og hadde greidd å flykte frå den. Tragn snakka med ein luring, Trent Rendland. Han var ein omreisande ungdom som tilsynelatande hadde mange dyrevenar. Han ga dei eit oppdrag med å finne ein katt som var med han, men som hadde forsvunne då dei var i Vesterstaa. Otto tipsa om at den lokale etterforskaren sikkert kunne hjelpe dei. Nobina og Dulok dreiv å leita etter ting oppe der dei hadde sett Del'Daruu. Nobina fann eit lite smykke som virka å vere øydelagt. Dulok tok det til seg, då han meinte dette var kraftig magi. Gjengen gjekk så vidare inn mot Vesterstaa igjen.
På veg tilbake forsøkte Nobina å reparere smykket i lag med Dulok, noko ho fekk til. Deretter forsøkte ho å attune til smykket. Der blei ho transportert til eit parallelt univers og møtte tre skrømt som ga ho kvar si oppgåve. Ho svarte tilfredstillande på det første spørmålet, men ikkje det andre og blei transportert tilbake til røynda. Etter dette tok dei turen til etterforskaren, Inspektør Chad-Geir. Der blei dei einige om at Inspektøren skulle undesøke kvar denne katten hadde tatt vegen. Han fekk oppdrag i å undersøke i tre dagar, og skulle så kome tilbake med resultat etter det. Det ville koste dei to gullmynter per dag, og det vart halv pris dersom han ikkje fant ut noko. Dei takka ja til tilbodet og gjekk vidare. Gjengen tok seg ein liten tur nordafor Hal’ Kerah-brua der Nobina ville teste ut om ho kunne lage glass. Det funka ikkje, og gjengen blei dekka i ein del sand. Deretter gjekk Nobina tilbake for å teste ut om ho kunne sunche med smykket igjen. Ho kom seg eit steg vidare, men i det siste spørsmålet feila ho. Tragn og Matheus kom akkurat inn døra etter at dei hadde vert hjå Vesterstaa Schlag-schmitz enda ein gong. Sesjen slutta med att Otto Banks kom for å henta dei til møte, Dangfart Sjøsalt hadde komt tilbake...