DFDMK - Sesj 28 - Orkane angrip
General Summary
Sesjen starta med at gjengen trakk seg tilbake mot Vesterstaa for å unngå å kjempe mot orkane åleine. Dei hadde sett eit magisk fyrverkeri som kom frå Vesterstaa og tolka dette som eit signal. På veg tilbake traff dei delar av Motstandsbevegelsen som jobba med å setje opp barrierar. Dei Få kom seg på rett side av barrieren, og det blei ordveksling mellom Knarr og orkane. Deretter blei det kamp mellom sidene, der orkane prøvde å bryte ned barriera og gjengen hjalp Motstandsbevegelsen med å holde angriparane tilbake. Etter ei stund viste plutseleg Del'Daruu seg og gjorde nokre bevegingar. Men, han virka å ikkje heilt vere materiell, og dreiv og glitcha der han sto. Med eit magisk sveip påkalla Del'Daruu eit vassmonster som tok med seg det meste av orkehæren og angreip deretter Motstandsbevegelsen og Dei Få. ADAM blei knust, og fleire sleit seg gjennom kampen. Dei greidde til slutt å øydelegge monsteret, og Del'Daruu forsvann. Sesjen enda her...