DFDMK - Sesj 18 - Sæbe complete

General Summary

Sesjen starta i undergrunnen under fengselet i Sæbe. Der tok dei med seg staven dei fann, ein Wand of Conducting, og gjekk vidare den andre vegen i grotta som dei enno ikkje hadde utforska. Der kom dei gjennom til rekvisitarommet på slottet i Sæbe. Vel der inne blei Matheus konfrontert av Vilde som annklaga han for å vere grunnen til at ho hadde blitt fengsla. Etter dette gjekk dei vidare ut i gangen og høyrde at det var lydar inne frå Del'Daruu sitt kontor. Dei braut seg inn der, men fann ikkje noko der inne. Dei oppdaga at ingenting hadde endra seg frå i går, og at safen var open med Voks-Maskina framleis inni.    Nobina gjekk ut for å hente Vilde, men då hadde ho allerede begynt å lede folk vekk frå slottet. Ho fortalte Nobina at ho ikkje stolar på Matheus for han er ikkje den han gjer seg ut for å vere. Ho ba Nobina kome og vere med dei, men Nobina motsto seg dette og overtalte ho til å kome inn og sjå med resten av gjengen om dei kunne finne noko. Men, fort som det var, så satte Nobina fyr på eit maleri inne på kontoret. Dei måtte då i full fart flykta ut.   Vel ute greidde dei å lure seg vekk frå slottet og navigerte seg til den gamle gjøymeplassen til motstandsbevegelsen. Der greidde dei å finne den andre krystallen som Gunther Stålsatt hadde, og dei byra å diskutere om dei kanskje skulle prøva krystallane på nytt for å finne lokasjonen på krystall nummer 3. Dei må også finne ut kvar vegen går vidare, for her er eit "deciding moment" i kampanjen. Kvar går turen no?

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
18 Jun 2024
Primary Location
Det Kongelige Slott
Secondary Location
Havnebassenget Spa og Velvære

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild