DFDMK - Sesj 7 - Kloakk og kjøttmeis Report | World Anvil | World Anvil

DFDMK - Sesj 7 - Kloakk og kjøttmeis

General Summary

Campaignet begynte med at gjengen samla seg på Fagmannen's Brønn  og starta dagen med frukust. Første stopp for dagen var hjå familien Blomendal for å motta belønning for å returnere teppet deira. Der møtte dei Ea Blomendal og Tharlock Blomendal som er familien til Yema Blomendal. Der fann dei ut at faren til Yema og Tharlock blei drepen for mange år tilbake. Yema er på jakt etter å finne ut kven det var som sendte undersåtter for å drepe han, og dette gjer at Tharlock meinar ho utset seg for mykje fare. Gjengen fekk deretter tilbud om å tynne ut i tusse-bestanden oppe i fjellet, fom ødelegg for businessen deira. Dei har merka auka aktivitet på grensa til orke-riket for tida. Dei skal også få ekstra betalt dersom dei også finn informasjon om drapet på faren deira. Yema ønskjer å vere med, men Tharlock er heilt imot dette. Gjengen fekk no betenkningstid på om dei ønskjer å ta oppdraget, og om dei i så fall vil ha med seg Yema på turen.    Deretter gjekk turen vidare til Kolonnøy Turistinformasjon for å få meir informasjon om byen og områda rundt. Dette fekk dei, og dei vandra so vidare. Sal fekk seg eit tau, og dei vandra mot kloakken i Sæbe. På vegen sende dei svar på brevet som Matheus hadde skrive att til Dangfart Sjøsalt. Nobina skreiv noko meir på lappen som blei med. Neste sesj må det gjeres ein Animal Handeling check for å sjå om Nobina greier å instruere fuggelen til å fly att til Sjøsalt. Lettare å koma til Nobina enn å reise frå...   Der tok dei seg ner i kloakken og tok seg fram med hjelp av forklaringa til Yema. Deretter fann dei fram til der vatnet skifta farge. Dei valde ein veg, og møtte på mutant-dyr. Desse slakta dei, og tok seg ein kvil. Deretter gjekk vegen vidare nedover kloakken. Der fann dei rørsystem som var merka med Victormax Industrier. Desse røra spydde ut denne grønne gugga. Dei vandra vidare, og tok seg ned ei rutsjebane som alle greidde å skate ned, utanom Matheus. Dette tok dei ned til eit stort rom der dei møtte på ein Kjøtt(etar)meis. Denne greidde dei utan problem å slakte, og samstundes fann dei unge Lia Windrivver som gjømte seg der nede. Ho tok dei med segg opp igjen til Estell Windrivver som er mora hennar og jobbar på Mellomdalen Bakeri. Som belønning fekk dei kvar si sjeve med sjokade på, og dei kjøpte kvar sin kopp kaffi.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
11 Jul 2023
Primary Location
Kloakken i Sæbe - Nordhaug
Secondary Location
Sæbe

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild