DFDMK - Sesj 21 - Bjørnen Sover
General Summary
Sesjen starta med at gjengen sto utanfor vedlikehaldsgrotta og skulle til å ta seg innover. Dei sneik seg innover i grotta, og fekk auge på ei kanon som sto rett innanfor. Matheus og Adam undersøkte denne, og blei einige om å vere på ekstra utkikk etter krutt på vegen vidare. Trang fann då i lomma si ein gul stein som var i same materialet som den han hogga i "Limbo". Deretter prøvde dei å snika seg lengre inn på nokre tussar dei såg lengre inne i grotta, men dei endte opp med å verte oppdaga av tussane då Matheus bomma på å desarmere ei felle. Det blei då kamp med tussane, og det kom også ein bjørn som dei ikkje hadde fått med seg var der. Tragn hogga eit godt høgg i han i det han hopp ned frå ei klippe og sat øksa i bjørnen. Etter litt kjemping tok dei seg tid til å utforske litt i grotta. Dei fann ein del gull, samt to vegar vidare inn i grotta.