DFDMK - Sesj 33 - Kelemvors velsignelse

General Summary

Sesjen starta med at gjengen gjorde seg ferdig i gravkammeret i Vesterstaa. Dekan Turdex blei tilkalla og dei slapp ut før dei forsegla gravkammeret for godt. Dei greidde også å få tak i ein medallion som tilsynelatande er det som skal til for å få forsteina personar tilbake. Nobina prøvde å lese tankane til Turdex, noko som var alt for innlysande til at ho kunne få noko ut av det. Etter dette fekk dei med seg medallionen og gjekk ut i regnet i Vesterstaa. Der traff dei Chad-Geir som hadde oppdatering på jakta etter katten dei ser etter. Nobina prøvde å lese tankane hans, og valde å grave nærare. Dette gjorde at Chad-Geir blei skremd, og stakk av. Deretter gjekk dei ned for å handle i Vesterstaa. Etter ein liten kofrontasjon mellom Nobina og Tragn fekk dei fekk nyss i at det kanskje var fleire magiske våpen/items hjå "Han på Hjørna". Dei prøvde seg der, men fekk ikkje napp. Deretter gjekk Matheus og ADAM for å lage ein healing-potion, medan Nobina og Tragn hadde seg ein tur ned på kaien i Vesterstaa. Dei prøvde seg ut på småøya utanfor kaien, men blei stoppa av vaktar som sto der. Etter det gjekk turen vidare, og dei stoppa på hjå Dulok som solgte Tragn ein boks som han ikkje fann ut av. Etter dette gjekk dei tilbake til heimen sin, og der gjekk dei til ro. Matheus fekk identifisert medallionen til å vere "Kelemvor's Blessing", og tok den i sin besittelse. Deretter tok dei kvelden, men både Nobina og Matheus følte på seg at dette kanskje kom til å verte ei utfordrande natt. Her slutta sesjen...

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
08 Apr 2025
Primary Location
Vesterstaa
Secondary Location
Vesterstaa Gravkammer

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild