DFDMK - Sesj 14 - Magnus Den Store

General Summary

Sesjen starta med at Nobina tok på to av krystallane samstundes. Ho blei transportert til eit kvitt rom der ho måtte kjempe mot eit gult krystall-monster. Ho blei fort tatt av dage. For dei andre såg det ut som om ho berre tok på krystallane og datt død om. Matheus tenkte kjapt og fekk ho tilbake i livet.   Etter dette prata gruppa ein del og delte nyhende om at orkane er på veg. Då blei heile gjengen bleik, og planane med å reise sørover måtte revurderast. Deretter tok dei seg ei god natts søvn, og ADAM kom attende!   Etter dette tok dei seg vidare til Magnus sin gamle verkstad der dei tok seg inn og undersøkte huset. Tragn prata med ein liten pus som viste seg å vere katten til ei som gjekk av namnet Vilde. Tilsynelatande har det vert vaktar og henta denne Vilde for ikkje så lenge sidan. I huset var det starta med å dekorere om til museum, og det bar preg av at nokon hadde vert der og jobba i det siste. På loftet fann Matheus nokre oppfinningar han tok med seg, og oppdaga avisutklipp frå tida då Magnus døde. Det blei sterkt for Matheus, og han delte litt personlige detaljar om seg sjølv. Etter dette tok dei turen sørover og fulgte Kompassapå sin retning for å finne noko Matheus tenkte på. Dette leda dei til Der Falck sitt hus.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
04 May 2024
Primary Location
Sæbe
Secondary Location
Vilde's Verkstad

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild