DFDMK - Sesj 8 - Eit komplott og ein tur Report | World Anvil | World Anvil

DFDMK - Sesj 8 - Eit komplott og ein tur

General Summary

Etter ein dag med nedetid, vakna gjengen opp til eit rabalder frå rommet til Matheus. Han hadde greid å laga seg ei robotisert maskin som kan hjelpe gjengen på deira eventyr. Dette tykkja Matheus var over all glede, og delte dei gode nyheitane med gjengen, utanom Sal som hadde vert vekke sidan dagen i går. Etter ein frukust på Fagmannen's Brønn gjekk turen til møteplassen der dei skulle treffe Sal.   Når dei kom fram til møteplassen, vart dei vitne til ein bur-kamp mellom Sal, kompisen Su R’esill, og ein brun bjørn. Der viste Sal seg fram, og viste sine nye moves. Etter kampen blei gjengen konfrontert av vaktar som tok dei med seg til slottet i Sæbe.   Vel framme ved slottet såg Trang ein som krangla med ein av vaktane. Dette kom Matheus fram til var kronprinsen i Kongeriket Kolonnøy, Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haukaan. Dei måtte site og vente ei stund før dei blei tatt med inn på Rochard Del’Daruu sitt kontor. Dette er den store hærføraren i kongeriket. Der blei dei konfrontert med aktivitetane deira i byen, og at dei hadde funne enda ein krystall. På ein eller anna måte hadde brevet dei sendte nådd Del'Daruu og han spørde dei so ut om kva dei visste. Deretter hadde han eit oppdrag til dei, som han først ville gje dei etter at dei hadde akseptert det. Det valde dei å gjere, og fekk 400gp som førehandsbetaling, eit forskudd på 4000gp. Matheus andte ugler i mosen med Del'Daruu, og meddelte dette med gjengen etter dei hadde komt ut der ifrå. Det siste dei fekk med seg var at Sjøsalt hadde sendt bod på dei, men dette gjorde ikkje gjengen noko med no med det første.   Etter dei kom ut frå slottet valde dei å bruka deira nye rikdom på å handle utstyr. Dei var innom Sæbe Overskuddsutsalg, Gudrun’s Trylleverden, og Smått og Smule. Etter handleturen satt dei kursen mot Familien Blomendal sitt hus for å snakke med Yema Blomendal og Ea Blomendal om oppdraget for dei.    Etter parlering med familien, aksepterte dei oppdraget og valde å ta med seg Yema på turen. Utan for mykje utspørring om vegen framfor dei, valde dei å reise kvar for seg og heller rykke ut dagen derpå. Matheus skreiv då eit brev til Storkonsult og forklarte at han ikkje ville rekke intervjuet. Deretter overnatta dei og gjorde seg klar til å reise sørover. Yema sikra dei hest og kjerre og dei låg så ut på tur.   Tragn tok kontroll på vogna og leda dei trygt sørover. Yema ga på eit punkt uttrykk for at ho hadde ein dårleg følelse på heile oppdraget, noko ho ikkje ville sei vidare til familien før dei reiste. På eit anna punkt såg dei noko bevege seg oppe i skogen. Dei gjekk ikkje nærare, men betrakta dette på avstand. Til slutt kom dei til punktet der dei måtte forlate hest og kjerre, og begynne å bevege seg oppover fjellet. Etter ei lita reisetid kom dei opp til tregrensa og dei slo leir der. Adam og Matheus holdt utkikk den kvelden. Der oppdaga dei eit troll som nærma seg. Matheus skut ein pil som ikkje traff trollet, og det bevega seg nærare mot leiren. Resten blei varsla og dei tok kampposisjonar. Der slutta sesjen for no.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
17 Jul 2023
Primary Location
Sæbe
Secondary Location
Kolonnøy

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild