DFDMK - Sesj 9 - Fjellvettreglane

General Summary

Sesjen starta med kamp mellom trollet i førre sesj og gjengen. Det enda med siger for gjengen, og dei kunne legge seg til å kvile igjen. Om morgonen blei dei kontakta av Sjøsalt som ønskte å sende dei ein pakke med noko. Dei greidde å skildre sånn ca. kvar dei er, men fekk ikkje pakken med det første. Dei vandra so vidare oppover i snøen. Grunna dårleg planlegging, var dei utsett for utmattelse og generelt dårleg reisefart. På eit punkt vart situasjonen så dårleg at dei valde å grave seg ned. Dette greide dei til tilstrekkelig grad. Matheus sendte Adam ut for å finne urtar til ein Potion of Lesser Vitality , samt Nobina varma opp Adam gjennom natta for å ha varme.   Dagen etter gjekk vegen vidare opp til Fort Transitus, der dei utanfor fann pakken frå Dangfart Sjøsalt. Der fekk dei Biscuit of Sjøsalt, ein kjeks som kan teleportere dei til ein plass dei har vore før. Der var også med eit brev frå Sjøsalt som skildra at det er kampforbredelsar i byen, og at skumle ting er i anmarsj. Del'Daruu er på krigsstien, og ser etter muligheiter for å stara ein storskala krig.   Inne i Fort Transitus begynte gjengen å navigera seg gjennom. Dei undersøkte to rom på galant vis, og Matheus kontakta Sjøsalt med informasjon. Svaret frå Sjøsalt var at dei måtte vere forsiktig, og at det er drakar i det området. Eller, i alle fall har vore det ein gong. Dette prompta Nobina til å prøve å stele Biscuit of Sjøsalt frå Tragn. Det blei ein konfrontasjon mellom dei to, før dei til slutt gjekk vidare innover fortet. Etter ein dårleg rull (bokstavleg talt) av Sal, kom det Tusser og møtte dei. Det blei kamp, og dei greidde å sigre over dei etter mykje CQC.

DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
20 Jul 2023
Primary Location
Fort Transitus
Secondary Location
Kolonnøy

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild