Om
Vantar er ein liten tettstad sør for
Sæbe på
Kolonnøy ved foten av dei store fjella. Bygda er mest kjend som ein stoppestad på vegen sør mot
Vesterstaa dersom ein har tid til å ta ein liten omveg.
Historie
Tidleg historie
Vantar si historie strekkjer seg tilbake til Den 2. tidsrekning der området blei nytta som buplass av tidlege gnomar. Desse gnomane jakta på slettena vest for Vantar og hadde bustaden sin heilt opp mot fjella.
Seinare Historie
Etter menneska byrja å utvandre til
Kolonnøy, var det nokre som slo seg ned i Vantar-området. Desse utvatna populasjonen med gnomar, og mange flytta lenger sørover. Menneska som slo seg ned samla seg med vatnet på toppen av platåa, der som Vantar no ligg.
Moderne Historie
Etter den industrielle revolusjonen byrja, skjedde det ei lita utflytting frå Vantar mot
Sæbe og
Vesterstaa. Mange ønskte storbylivet og kvalitetane dette dro med seg. Dei som blei att greidde å repopulere, med litt hjelp frå tilreisande og gjennomfarande, byen igjen. No er Vantar tilbake til gamle tider; ei roleg lita bygd ved dei store fjella.
Geografi
Vantar ligg oppe i fjellsida på ei fjellhylle. Området rundt ber preg av bakkar, klipper og skog. Vest for kommunehuset ligg det også eit vatn som går an å fiske i. Dette vatnet er vasskjelda for bygda.
Demografi
Innbyggjarane i bygda er 90% menneske, mens resten er hobbiter, gnomar og alvar.
Økonomi
Bygda livnerar seg på diverse gesjefter, men har ikkje noko å eksportere til omverda. Ein driv med fiske, gruvedrift, hogst, litt husdyr, og andre private tjenester til innbyggjarane. Varene vert seld på marknaden i byen, som kvar dag er ein travel marknad. Ein har også satt opp eigne båsar for dei som kjem til bygda for å selje varene sine. Omreisande handelsmenn er dei som nyttar deg mest av dette tilbodet.
Religion
Ingen spesiell religion vert praktisert i bygda. Dette er opp til kvar enkelt husstand og person.
Styre
Vantar styrast av
Vantar Kommune med ordførar og kommunestyre. Sidan bygda er så lita, vert ein berre einig om kven som skal sitte i kommunestyret ved handsopprekking. Dei store sakene har ein ikkje oppe, så det meste vert handtert av lensmannen og ordføraren. Kommunen er underlagt
Kongeriket Kolonnøy gjennom
Sæbekrinsen Fylke og er difor særs påvirka av beslutningar eit tar der.
Transport
Einaste vegen å kome seg til bygda er via vegen som går gjennom bygda, eller ved å vandre i utmarka eller over fjellet.
Vantar Vogn-Tog kan hjelpe med transport frå bygda for ein liten slant pengar.
Serverdigheitar og eventar
Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.
Vantar Småbod-marknad
Vantar Småbod-marknad er ein koselig marknad som er travel så lenge den er open. Dei lokale i bygda nyttar marknaden flittig, då det ikkje er eigne hus til dagligvare og liknande bytikkar.
Medan Vi Vantar
Medan Vi Vantar er ein spesiell butikk drive av
Lu-Ben Rubbedub som forhandlar masse merkelige artifaktar som
Lu-Ben Rubbedub har samla gjennom eit langt liv. Har er både skattar og skrot!