Sandstaa

Om

Sandstaa er ein større tettstad heilt vest på SkjermøyKolonnøy. Tettstaden er eit viktig ledd i reisa frå Sæbe og vidare sørover mot Luneaa. Tettstaden er karakteristisk, då den ligg mellom haugar i nord og sør som gjer at byen ligg i ei slags trakt.

Historie

Tidleg historie

Sandstaa, også kjend som Valderanian, starta som ein viktig alvelandsby gjennom Den 3. tidsrekninga. Lite er visst om denne tida, men det er trygt å sei at tettstaden var ein sentral del av motstandsstyrkene til alvane for å halde orkane tilbake.

Seinare historie

I løpet av "101-årskrigen" fekk tettstaden ein god del tilflyttarar av millitære menneske-personell som i lag med alvane fekk trening i dei varierte miljøa rundt Sandstaa. Tettstaden hadde då saman med Dalvika viktig og høgt trent personell. Etter krigen var over, blei byen satt under hardt press av menneska, då dei meinte at Sandstaa og Dalvika hadde blitt så utvikla under menneska si tilstadeverelse, at tettstaden rettmessig no tilhørte det nye Kongeriket Kolonnøy. Alvane motsa seg desse påstandane. men tettstaden blei likevel anneksert i 325 3T. I Sandstaa skjedde dette relativ fredleg, i motsetning til i Dalvika.

Moderne historie

Etter at Kongeriket Kolonnøy tok over makta i tettstaden, blei det byggja ny infrastruktur og Sandstaa fekk ei meir sentral rolle som stoppestad før skip tar fatt på kysten av Hal’ Kerah. I dag er tettstaden ein yrande tettstad med masse aktivitet spesielt rundt havna.

Geografi

Tettstaden ligg mellom to større haugar i sør og nord og har ei elv som renn igjennom sentrum. I sør startar det einstørre ørken som ligg heilt opp mot klippane. Nord i tettstaden ligg det eit flatare parti der dei rikaste i tettstaden har funne seg tilrette. På sørsida bur dei fatigaste i tettstaden, oppover bakkane mot ørkenklippane.

Demografi

Bebuarane i tettstaden er mykje menneske, og ein del alvar som vart att etter byen vart annektert. Det er også eit yrande studentliv i byen grunna Universitetet på Kolonnøy - Transportteknisk fakultet. Dette drar mange forskjellige rasar til byen som er der for å studere.

Kriminalitet

Sandstaa er ein relativt trygg plass, men det lekkar av og til kriminelle frå Dalvika til Sandstaa. Disse er på jakt etter varer og gull som kjem med skipa, spesielt turistar og reisande som overnatter i land mellom overfartane. Du skal ikkje forundre deg om du plutseleg er eit par gull fattigare etter å ha vandra på promenaden ved hvana.

Økonomi

Sandstaa livnærar seg mykje på reise og turisme. De mange bedriftane som leverer tjenester til skipsfarten tener gode pengar på å operere i ein tettstad melloom Sæbe og Vesterstaa. Andre tenester fins det også, spesielt innan transport. Kjøretøy og andre framkomstmiddel blir ofte sendt heilt til Sandstaa for å bli reparert eller oppgradert. Elles tener Sandstaa godt på høge skattar og avgifter på tilreisande til tettstaden. Mange av skipa har ikkje anna val enn å leggje til kai her, og dette veit dei å ta seg betalt for.

Landbruk

Det er ikkje merkbart landbruk i Sandstaa. Nokre gardar finn man lenger nord-aust på veg mot Dalvika, men dei drif for det meste for seg sjølv.

Fiske

Fiske er ein viktig del av inntekta til tettstaden. Fisk tatt opp av selskap registrert i Sandstaa betalar veldig lite skatt, og dette gjer at lokale varer er å foretrekke for dei som bur i tettstaden. Sal av fisken ut av tettstaden dog, er tungt beskatta. Dette er nok noko av grunnen til at Vesterstaa framleis har business med omverda...

Produksjon

Ein del produkt blir produsert i Sandstaa. Nye skip, kjøretøy, vogner, og andre oppfinningar frå ingeniørane i Sæbe blir laga her. Magnus den Store nytta tenester i Sandstaa for å lage deler til oppfinningane sine. Glass i alle slags fasongar er også ei merkevare frå tettstaden. Med så god tilgang på sand er ikkje det vanskelig å forstå.

Tenester

Det Sandstaa tener mest på er tenester til tilreisande og innbyggjarar. Nokre av dei er lista under.

Reprasjon av kjøretøy

Har du noko som skal gå på fram, men ikkje gjer det lenger? Då finn du heilt sikkert ein spesialist i Sandstaa som kan hjelpe deg å få fart på redskapen igjen.

Skips-service

Alt innan vedlikehald og resupplering for skip.

Religion

Religion er styrt av Kongeriket Kolonnøy, men innbyggjarane lener seg mest mot vassgudar og dei som har med sikker reise å gjere.

Styring

Tettstaden er styrt av Sandstaa Kommune. Byen er ein del av fylket Nippetippen Fylke som utgjer eit av tre fylker i Kongeriket Kolonnøy. Styremåten er veldig liberal med ein god del skattereduksjonar i sterk kontrast til Sæbe.

Transport

Sjøvegen er viktigaste transportveg. Sandstaa ligg langt vekke frå sentral-Kolonnøy, og sjøvegen er difor viktigaste veg. Det eksisterar også vognruter mot Dalvika. Nokre plassar kan man også kjøpe trekkdyr, så reise ut frå tettstaden skal ikkje vere noko problem.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

UPK - "Transporten"

Universitetet på Kolonnøy - Transportteknisk fakultet er eit must å besøke dersom ein er interessert i historia med frakt på Kolonnøy.
Alternative Name(s)
Valderanian
Type
Large town
Location under
Owning Organization
Vehicles Present