Mangaar

Om

Mangaar er ein magisk by heilt sør i Kongeriket Kolonnøy på grensa til dei frie områda på Kolonnøy. Byen er eit Mekka for alle som driv med magi eller har arkane interesser. Høgnivå-magi er ikkje utbridt på Kolonnøy, så det meste ein finn er heilt enkle magiske element. Men, dersom ein leiter finn ein både folk og objekt som har flørta med større arkanske konsept.

Historie

Tidleg historie

Mangaar vaks, som andre byar i Fjordane Fylke, fram som ein storby først etter "101-årskrigen". Fram til det var Mangaar ein leirplass på vegen mellom Tømmerhaug og Port Maasesund. Grunna nærleika til dei mineralrike områda oppe i fjella sentralt på Kolonnøy fekk byen ei sentral rolle då dvergane kom til Kolonnøy og etablerte Dvergeriket. Byen har alltid vert magisk, og magikarar har alltid funne seg tilrette i området rundt Mangaar, då i små bygder. 

Seinare historie

Etter at dvergane kom til Kolonnøy vaks Mangaar mykje saman med søsterbyen Gornbor i Dvergeriket. Byen fekk ei sentral rolle i mineralproduksjonen i Kongeriket Kolonnøy og derverte dei andre byane i dei frie områda med mineral og smeltevarer. Mot slutten av Den 3. tidsrekninga blei dette utfasa til fordel for meir teknologiske geskjefter, og Gornbor tok over smelteverk og prosessering. 

Moderne historie

Mangaar var på lik linje med Sæbe ein viktig by under den teknologiske revolusjonen på Kolonnøy. Dei mange oppfinningane som blei funne opp av ingeniørane i Sæbe blei bygd i Mangaar. Dette satt Mangaar i direkte konkurranse med Sandstaa som også var viktig i bygginga av tekniske oppfinningar. Men, Sandstaa fokuserte på transport, og då greidde Mangaar å karre seg til dei andre områda innan ny teknologi. I det siste har dette daffa meir og meir av grunna overgangen til meir masseproduserte apparat, og Victormax Industrier sitt framtog som ledande innan dette feltet. I dag spesialiserar Mangaar seg meir på forskning innan å gje objekt magiske krefter i staden for reint mekaniske. Ikkje lett med lav-nivå-magi, men dei er på veg til å gjere store gjennombrot.

Geografi

Managar sin geografi er ganske spesiell. Byen er den desidert største på Kolonnøy, men er også ein av dei som er spreidd mest utover. Det kan opplevast som fem forskjellige byar når ein er i Mangaar: Bustadområde i nord, fabrikkane i aust, havna i sør, spreidd bebyggjing i vest og tettbebygd sentrumsområde i midten. Elles er det ganske flatt.

Demografi

I Mangaar er det særs forskjellige innbyggjarar. Mange menneske, men det er også eit stort utval av andre rasar som har funne sin heim her. Felles for dei er at den arkane interessa står sterkt. Familieliv er tilstades, men Mangaar er nok den byen på Kolonnøy med mest einslege. Det er ikkje lett å ha eit familieliv når ein driv med kronisk magiarbeid...

Kriminalitet

Mangaar er ein relativt trygg by med god kontroll av Mangaar Bystyre. Det er in av byane på Kolonnøy med mest kompetent fredsbevarande styrkar. Ein kan likevell finne illegale operasjonar dersom ein leiter lenge nok etter dei. Kanskje ikkje på gata, men på bakromm i andre establesjement. 

Økonomi

Mangaar sin økonomi baserer seg mest på tenester og produksjonar innan magiske duppedittar. Ein god del av det byen treng vert importert frå Luneaa, Maasesund, Tømmerhaug og Gornbor

Matvarer

Byen er sjølvforsynt med det ein treng av fisk og kjøt, men det blir importert ein del bakevarer og korn. Det er ikkje noko ein sel vidare ut av byen.

Produksjon

Tidlegare produserte ein masse maskiner og redskapar, men dette har dei seinare åra daffa meir og meir av. I dag produserar ein prototypar og sel desse til ingeniørfirma i Sæbe for vidareutvikling.

Tenester

I Mangaar kan ein få hjelp til det aller meste innan teknikk, reprasjon og arkane tenester. Mange sjuke reiser ofte til Mangaar for å oppsøkje hjelp, då mange driv med human magi i tilleg til anna type magi.

Magi

Som nemd er Mangaar ein viktig by når det kjem til magiske tenester og utsal. Magiske våpen, magiske innretningar, material-komponentar og anndre butikkar. Naturen er også viktig for byen, så herbalisme og liknande bytikkar finn ein også.

Religion

Det er ganske fritt å tru på det ein ønskjer, men innbyggjarane har ein gravitasjon mot følgande gudar.

Mystra, ho-guden over magi

NG - Knowledge - Sirkel med sju stjerner rundt ei raud skodde

Azuth, guden over magikere

LN - Knowledge - Venstrehand som peiker opp med eld rundt seg

Styring

Byen styrast av Mangaar Bystyre som igjen er ein del av Fjordane Fylke, styrt av Kongeriket Kolonnøy. Byen har demokratiske valde leiarar med parlamentarisk organisering. Byen har eit byråd som effektivt fremjar forslag til bystyret, og har sett ned utval som arbeidar med dei forskjellige områda i byen.

Transport

Mangar har ein hovedveg som går rett igjennom byen. Ein kan nå dei fleste byane sør på Kolonnøy ved å følge denne vegen, men sjølve vegen terminerer ved Snøfell i sør. Elles sluttar vegen i nord i Luneaa. Hest og kjerre er nok lettaste transportmiddel, dersom ein ikkje ønskjer å spø litt meir pengar i reisa og nytta seg av Schnellrasch Speedwagon til Luneaa. I tillegg til dette har ein Havna i Mangaar der ein kan både leige og kjøpe sjøfartøy. Det går ingen rutebåtar til Mangaar grunna grunnene heilt vest i fjorden. Der er straumen så sterk at ein rissikerar å havne på land sjølv om straumen går i riktig retning.

Serverdigheitar og eventar

Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.

Tunnellen i Mangaar

Som einaste plass på Kolonnøy så har Mangaar ein tunnell som går under sentrum i byen og ut på andre sida. I denne tunnellen stoppar Schnellrasch Speedwagon og andre transportmidlar. Dette er eit syn å sjå!

Fyrverkerifestivalen

I Tollmånad er det kvar sundag kvalifisering til Fyrverkerifestivalen. Dette er ein festival der lokale bedrifter konnkurerar med å lage det mest spektakulære fyrverkerishowet. Det heile avsluttast med finale på nyttårsafta den 28. Tollmånad.
Type
City
Location under