Kaptein Knut

Kaptein Knut

Om

Kaptein knut er ein tidlegare pirat som jobbar for Det Kolonnøyske Transportselskap og flyg Luftskipet Andorra. Kaptein Knut har hatt mange sentrale rollar på Tella oppigjennom åra.

Historie

Tidleg historie

...HEMMELEG INFORMASJON VIDARE...
Han blei født i ei ukjend bygd i Valanda og tok tidlig til sjøen for å verte fiskar. Etter ein fisketur når han var 13 år gammal, greidde han ikkje kome til land igjenn etter at det blåste opp til storm. Han var nødt å navigere i vekesvis mellom øyer i Valanda og endte til slutt opp på Balzaar. Der blei hand kjend med ein bande luringar som skulle reise til Midland for å prøve lykken med sjørøveri. Dette tykkja Knut var veldig interessant, og han heiv seg med på tyren. Der enda han opp med Midlandspiratane.

Den Midlandske Inkvisisjonen

Kaptein Knut blei refferert til fleire gonger då Den Heilage Bande var i Seedörfer. Der blei han hinta til som ein utbrytar frå piratane og hadde flykta til Valanda.  
Dette stemte, men etter ei stund kom ryktet til Knut om at Trygh've Spritslukar hadde tenkt å ta Seedörfer. Dette fekk plutseleg Knut til å steile og han hadde eit akutt allignment-skifte. Han tok då med seg båten og utbrytar-mannskapet sitt og sat kursen for Midland igjen. Der traff han på ;idlandspiratane akkurat i det dei skulle til å angripe Fishenes. Han satt kanonene i eld og fekk senka dei aller fleste av skipa. Men, dette blei enden på Knut då ein mystisk skikkelse kom frå himmelen og steinifiserte Knut og tok han med seg.

Som stein

I veldig mange år var Knut berre ein statue som blei flytta rundt på. Etter hendelsane i Fishenes blei Knut plassert i varetekt hjå centaurane, men blei stelt av cowboyar etter centaurane sitt fall. Då blei han seld til handelsmenn som tok han med seg til Ravencroft. Der blei han stilt ut på eit av dei mange museuma der. Etter fleire år som utsmykning blei han gitt som presang til eit reisefølge frå Kolonnøy som var på diplomatisk besøk rundt tidsalderskiftet til Den 4. tidsrekninga. På vegen mot Kolonnøy var skipet nødt til å reise om Estliar og gå rett sør for å unngå vanskelig vêr. Det enda opp med at skipet traff Kolonnøy sør ved kysten utanfor Luneaa. På veg nordover blei skipet angripen av ein Beholder som hørar til i Milil-tempelet. Han sank dei, og tok med sek blant anna Knut som bytte. Resten av tida Knut var steinifisert var han i Beholderen sin varetekt.

Dei Få og Dei Magiske Krystallane

Her må det kome informasjon om kva som skjedde. Etter Knut kom heim igjen frå turen med Dei Få, fekk han tilbud om å verte kaptein på Luftskipet Andorra. Dette takka Knut ja til, og han jobba der til luftskipet gjekk ned.

Knut møter Styrmann Ståle

På ein ferietur tilbake til gamle trakter etter hendingane med Dei Få, vart han kjend med ein papegøye. Begge fann fort tonen, då Styrmann Ståle var pratsam, medan Knut ikkje var det. Ståle blei so eit fast innslag på skuldra til Knut.

Legenden om Ku'leis

Kaptein Knut var kaptein på Luftskipet Andorra då det blei styrta over Austerland.

Relationships

Kaptein Knut

Owner (Vital)

Towards Styrmann Ståle

5

Frank


Styrmann Ståle

Pet (Vital)

Towards Kaptein Knut

5

Frank


Current Status
Jobbar
Current Location
Species
Age
DMI: 42 | LOK: 52
Date of Birth
2. Ellmånad, 1537
Birthplace
Spouses
Siblings
Children
Pronouns
Hann
Sex
Mann
Gender
Mann