Weiterwald

Om

Weiterwald er hovudstaden i Keisarriket Midland og er den største byen i Midland. Byen ligg midt inne i ein stor skog ved foten av fjella og haugane i nord-vest.

Innbyggjarar og by

Dei fleste innbyggarane i midland er menneske, med hobbiter på ein andreplass. Dei menneska som bur i Weiterwald er slektningar og arvingar etter migrantane som reiste til Midland på starten av den 3. tidsreking. Weiterwald har ein streng politikk på utbygging og innbyggjarar. Ein kan berre bu i byen dersom ein er direkte slekning med ein av migrantane som bygde opp byen. Dette gjer at den eldste i søskenflokken overtar huset når foreldra fell ifrå. Det er kunn huseigar og hans barn som kan bu i hushaldninga, og det er berre dersom ein av barna sjølv får barn at man har grunnlag for å søka om å byggje nytt hus. Dersom begge foreldra fell ifrå, er det elstemann som overtar, og dei andre søskena vert utvist frå byen til ein av dei andre bygdena og byane i Hompfen. Dette gjer at byen slit med vekkgifting og veldig unge foreldre for å unngå utkasting. 

Økonomi

Innbyggjarane i Weiterwald driv med dei fleste gesjefter som ein by treng, men er sterkt substituert av Keisarriket Midland. Dette gjer at kvaliteten på produkta ikkje nødvendigvis er gode, noko som keisarriket forsøker å gjere noko med ved å innføre truslar og straff. Det er veldig lite eksport frå byen, anna enn det byen sjølv krev inn som skatt frå byane i Hompfen og Seedörfer.

Regjering og styre

Weitervald er heim til styringa i Midland: Keisarriket Midland. Keisarriket har i mange år forsøkt å innlemme heile regionen Midland inn i keisarriket, men dette utan hell. Dei einaste plassane som er lojale til keisarriket er områda Hompfen og Seedörfer. Keisaren sit i Weiterwald.

Transport og reise

Weiterwald er sentralt plassert og nesten alle vegar til og frå Midland går igjennom Weiterwald. Dette gjer byen til ein sentral stoppestad for dei som reisar inn og ut av byen på veg. Byen har også tett kommunikasjon med byen Ferg for å frakte menneske med båt. 

Religion

INNHOLD MANGLAR