DMI - Sesj 6 - Reisa mot Treland
General Summary
Sesjen starta med at gjengen snakka vidare med Katorina Hallberd etter bystyremøtet. Der blei dei einige om å reise til Treland for å finne ut kvifor tømmertransporten hadde stoppa. Etter møtet snakka Krik til dei igjen og sa at Katorina gjerne ikkje snakka 100% sant. Gjengen blei so enig om at Krik skulle vere igjen i Fishenes for å samle saman ein gjeng med lokale krigarar. Dette for å beskytte bygda.
Dagen etter reiste Aethelberht Aus Brandsklovis og Hann Daroppe mot Treland. Turen gjekk forhåndsvis greit, og dei campa i eit skogholt på vegen austover. Der oppdaga dei nokre fuglar som sirkla over dei. Dagen etter reiste dei vidare og kom fram til krysset som har ein avstikkar mot Elmond. Dei reiste vidare mot Treland og campa heilt i skogjoltet mot bygda. Der såg dei fleire fuglar som sirkla over dei. Dei gjekk så til ro begge to.
På morgonkvisten vaknar Hann av at det er ei kråke som romsterar rundt i tinga deira. Hann grier å stoppe ho, men ei av dei andre kråkene som er der greier å snappe med seg helligsymbolet til Hann. Hann vekker Edelbert og dei går på kråkejakt. Dei finn kråka og etter at Edelbert løfter eit sverande tre opp av bakken for å riste ned reiret, så finn dei ein mystisk hatt og anna dill, i tillegg til hellig-symbolet til Hann.
Etter dette går dei vidare mot Treland og set hest og vogn frå seg lett vekke frå inngangsporten. Det gjer dei etter å ha sett to vaktar som står framfor inngangen til byen. Dei konfronterar vaktane, og ein kamp blir satt i gang. Dei vinn denne kampen, og sesjen er over for denne gang.
Report Date
26 Oct 2023
Primary Location
Secondary Location