Fishenes
Om
Fishenes er ei lita fiskebygd heilt ved sjøen i Seedörfer i Midland. Bygda er kjend for den ferske og velsmakande fisken som dei dreg på land heile året. Byen livnerar seg også på eit par gårder i nærleika. Dette er mest for å forsyne seg sjølv. Det foregår mykje handel mellom byen, Elmond og Treland. Treland er viktig for bygda for å få byggematerialer til husbygging og vedlikehold. Elmond er viktig for å få varar frå den store verda. Mykje krydder, sukker og salt kjem denne vegen. Elles vert det ein del handel med gjennomreisande som skal til og frå Vesterland, då dei som ønskjer å unngå å reise gjennom Weiterwald tar vegen gjennom Fishenes, sjølv om vegen er dårlegare.Fiske
Fishenes er mest kjend for det gode fiske på havet utanfor byen. Der dreg dei opp store fiskar om vinter og vår, og flotte skaldyr og skjel på sumaren og om hausten. Denne gesjeften skulle ein tru at hadde gjort byen rik, men grunna Keisarriket Midland si harde hand på dei kringliggande byane så går mykje av fortenesta i skatt til Weiterwald. Dette har gjort at mange i bygda ikkje har noko godt forhold til styrande organ i Midland, men det er eit arbeidsamt folk som ikkje likar å klage for mykje. Det viktigaste er at fisken kjem på land, og det gjer Fishenes til ei produktiv bygd.Kriminalitet
Bygda har fått mykje oppmerkosmheit grunna ein del kriminalitet. Piratar har ved fleire høve fått leggje til kai i Fishenes, og den legendariske Kaptein Knut hadde heimstad i byen i mange år. Piratane fekk ikkje gå i land i Elmond, og dette har gjort Fishenes til det beste alternativet utanom dei meir sketchye plassane langs kysten til Keinmannland. Grunna at byen ligg på veg ut av Midland på ein veg som ikkje er knytt til Weiterwald, så er byen hotspot for handel av ulovlege varer og tjuvgods.Religion
INNHOLD MANGLAR
Type
Town
Location under
Included Locations
Vehicles Present
Related Reports (Primary)
Related Reports (Secondary)