Portád
Om
Portád er den største byen i Nord-Nagár, og ligg på øya . Byen er ein nøytral by når det kjem til faksjonar, då verken piratar eller andre har kontroll i byen.
Historie
Byen var ei innlandsbygd ved ei lengre elv som gjekk innover det som i dag er Nuevoterra . Nuevoterra var tidlegare ein del av landmassane til Nagár, og på den tida var det sjøbåtar som frakta folk og gods til byen. Det var ikkje vanleg at store skip som gjekk gjennom Nord-Nagár stoppa i Portád, men heller gjekk vidare til Sjøstad som lå mykje lettare til. Før år 1000 var byen mykje større. Den var då delt opp i tre delar: Kailaagenn som låg heilt nede med elva, Sentrum som låg oppå neste platå, og deretter Gamlebyen som låg enda høgare oppe. I år 1000 blei mykje av byen oversvømma av Den Globale Hav-stigningen, og det var i hovudsak berre Gamlebyen som overlevde. Det komande året blei Gamlebyen bygd ut og gamle hus blei flytta nordvestover for å få plass til nye bygningar og nytt kaianlegg. I dag er byen mykje brukt av gjennomreisande for påfyll og anna.
Leiing og politikk
Byen er leia av demokratisk valde leiarar. Øvste posisjon i hierarkiet er ordføraren. Han er som oftes satt inn frå partiet med flest stemmer med valet. Kommunen er deretter tilsett med folk frå bygda. Bystyret har 21 valde representantar der majoritets-stemma bestemmer. Det er til vanleg val kvart 4. år, men dersom eit parti vert gjenvald, er det val igjen om 2 år. Val vert holdt 28. Åttmånad, og sist val (Skatten i Nagár) var i år 1000.
Bystyret
| Parti | Representantar (21) | Leiar | Rolle |
|---|---|---|---|
| Aristokratane (A) | 10 | (F, menneske) Helvetica von dem Bunden | Ordførar og varaordførar, regjeringsparti |
| Konservativt Samarbeidspari (KSP) | 7 | (M, menneske) Jarl-Krister Rangarson | Opposisjonsparti i lag med BP |
| Bondepartiet (BP) | 3 | (M, menneske) Gunnstein Kringlebotn | Opposisjonsparti i lag med KSP |
| Alternativt Folkeparti (AFP) | 1 | (M, menneske) Durial Sanniich | Nytt og ekstremt parti |
Parti
Aristokratane (A)
Aristokratane har styrt Portád i lang tid og vinn mange stemmer på å ha levert stabil politikk i mange år. Dei er i tillegg veldig populære med den adelege delen av byen.
Konservativt Samarbeidsparti (KSP)
Opposisjonspartiet i Portád som jobbar for å få eit skifte i byen sin politikk. Dei har berre hatt makta i 4 år, frå 996 til 1000. Etter oversvømminga var det mange som skulda på KSP for at det skjedde. Det gjorde at oppsluttinga stupte og A kom tilbake i posisjon.
Bondepartiet (BP)
Bondepartiet var i mange år eit parti som konkurrerte med A om makta. Ettersom byen vaks og gjekk meir og meir vekk frå å vere bondeby, så møsta dei mykje av oppsluttinga. Dei har i dag eit samarbeid med KSP.
Alternativt Folkeparti (AFP)
Dette er eit nytt parti som vaks fram etter Den Globale Hav-stigningen som eit radikalt utfordrarparti. Nøkkelpersonar i partiet har blitt knytta til kriminalitet, og Durial har vert under etterforskning for terrorplanleggjing. Denne etterforskinga er over utan fellande bevis.
Klima
Klimaet er varierande gjennom året med våte periodar og varmare periodar. Det meste av året er behageleg med temperaturar rundt 10-15 grader om våren og hausten, 15-25 grader om sumaren og gjamt 5 grader om vinteren. Det kjem ofte regperiodar på tidleg haust som varar ut Timånad. Vanligvis er det berre kuldegrader i Einmånad, spesielt i overgangen frå Einmånad til Tomånad.
Geografi
Portád ligg i dag ved sjøen i eit relativt flatt terreng. I vest er det bakkete før ein treff Spirfjell, nokre store fjell som skiller Portádbukta i aust frå Vestvardbukta i vest. I nord er det litt skog før ein kjem til dei store gardslanda opp mot Stabburstad. I sør strekkjer det seg åpne sletter og rullende bakkar før ein rteff større bakketerreng før ein så treff dei Nagárske sjøane heilt i sør.
Demografi
Byen har mange forskjellige innbyggjarar, men rundt 80% til 85% er mennesker. Dei andre rasane er alvar, gnomar, hobbitar, dvergar og andre (tabaxi, goliat, mm.). Rasane lever i ganske god harmoni der ingen av rasane stikk seg ut noko serleg. Det meste av folket er lavare middelklasse og arbeiderklasse, samt bønder. Desse lever i nordvest-delen av byen. I aust er det heller rikare bebuarar, med eit eige gated-community for ein del av dei rikaste. Middelklassen bur i Kyrkjeflata.
Bydelar
Gamlebyen
Gamlebyen har fått namnet sitt etter ad det er den eldste delen av dagens Portád. Før Den Globale Hav-stigningen låg resten av Portád lenger nede med elva. Gamlebyen var det øverste punktet og omfatta alt frå Haugstad og til der nye Gamlebyen ligg i dag. Då også med Kyrkjeflata. I dag er famlebyen heim til ein del familiar, samt har ein del butikkar og bedrifter som heldt til der. Gamlebyen har også den vestre delen av hovudgata som går inn til byen.
Slumen
Denne bydelen er heim til dei fattigaste i byen, og delen bestør av mykje småhus satt opp på rekker og rader. Der er også den austre delen av hovudgata som går inn i Portád frå Handerland.
Sentrum
Sentrum er den kommersielle delen av Portád. Dei aller fleste som kjem til byen har business her, eller er på jakt etter varer.
Portád Kai
Kaien i Portád blei bygga etter Den Globale Hav-stigningen og er hovudinngången for tilreisande til byen. Der finn ein det meste ein sjømann treng.
Driftsland
Driftsland består av ein del gardar og dyrehald inne i Portád. Dette er heim til dei som driv med buskap og ikkje bur utanfor bymurane. Dette er dei som er på kanten mellom adeleg og bønder...
Haugstad
Haugstad er det høgste punktet i Portád og deler Portád i dei forskjellige delane med at ein må gå rundt haugen for å kome til dei forskjellige plassane i byen.
Kyrkjeflata
Denne delen er i hovudsak distriktet til kyrkja og gravplassen, men er også heim til middelklassen i Portád.
Skjønnestredet
Denne delen av Portád er heimen til dei største personlegheitane i byen. Det er eit distrikt med skjønne omgjevnader og vedlikeholdte fasilitetar.
Adelport
Dette er eit "gated community" der dei rikaste og adlegaste i byen heldt til for å skille seg fra dei andre i byen.
Byporten
Dette er den "kommunale" delen av Portád der de administrative og høgast ansette geskjeftene heldt til.
Handerland
Handerland er området på Nuevoterra der Portád er. Området består av store skogar, flotte gardar og nokre strender langs Portádbukta.
Kalendarar
Portád-kalendar
Verdskalendar
Reisetider
| Destinasjon | Lengde | Føre |
|---|---|---|
| Stabburstad | 4,5 miles (1,5t) | Kjerreveg |
| Vestvard | 18 miles (6t) | Kjerreveg |
| Kryssdal | 12 miles (4t) | Kjerreveg |
| Kopperdal | 24 miles (8t) | Kjerreveg |
Kostnadar
| Kostnad | Forklaring | Pris |
|---|---|---|
| Inngang til byen, innbyggjar | Bompengar for å kome inn i byen som innbyggjar. | 1 cp |
| Inngang til byen, tilreisande | Bompengar for å kome inn i byen som tilreisande utan borgarskap. | 1 sp |
| Inngang til byen, dyr | Alle kjeledyr og arbeidsdyr skal betale bompassering. | 1 cp |
| Kostnad for å leggje til med båt, stor | Pris for å kunne leggje til kai i Portád med eit stort skip. | 5 gp |
| Kostnad for å leggje til med båt, liten | Pris for å kunne leggje til kai i Portád med ein mindre båt. | 2 gp |
| Kostnad med å ha båt i brygge per dag, stor | Ein summering av dagar lagt til kai som betalast ved avreise, for skip. | 1 gp |
| Kostnad med å ha båt i brygge per dag, liten | Ein summering av dagar lagt til kai som betalast ved avreise, for mindre båtar. | 5 sp |
- Bogemaker Såvøy
- Den Dansande Sild
- Den Dansande Sild Motell
- Den Portádske Kyrkje
- Den Slitne Hest
- Eigendomsmeklar Best
- Ferdirands Personutleige
- Glimmer og Gull
- Guildhuset i Portád
- Heimevernet Skjold og Rustning
- Jermine fra Tryll
- Kundeklubben Bordell
- Marknaden i Portád
- Nordslumvegen 10, Slumen, Portád
- Nuevoterra Brygg
- Nuevoterra Kartografi
- Portád Gravplass
- Portád Havn
- Portád Heleri
- Portád Klær og Vask
- Portád Offentlege Bibliotek
- Portád Politi - Avdeling Aust
- Portád Politi - Avdeling Havn
- Portád Politi - Avdeling Sentrum
- Portád Skadedyrkontroll
- Portád Teater
- Portád Tidende - Hovudkontor
- Portád Tømmer
- Portád Våpen
- Portád Verkstad
- Randi og Ulve's Bokbutikk
- Slaktar Larsen
- Slumgata 69, Slumen, Portád
- Teatergaten 8, Gamlebyen, Portád
- Trekki's Utstyr
- Tysk Interiør
- Verkstedgata 4, Sentrum, Portád
- Vistnes Eleksirer
- Werner Arkitekthus
- SiN - Sesj 12 - Gutta på Kanten
- SiN - Sesj 13 - Grunnlause Skuldningar
- SiN - Sesj 14 - Handleturen
- SiN - Sesj 15 - Tilbake på bøljan blå
- SiN - Sesj 26 - Me treffast i Portád
- SiN - Sesj 27 - Hvor var du natten til den 25?!
- SiN - Sesj 28 - Come fly with me
- SiN - Sesj 39 - Gjenoppstandelse
- SiN - Sesj 40 - Portád's hjelpere
- SiN - Sesj 41 - Skrømtet i tankane våre
- SiN - Sesj 42 - Gutta søkjer løyve
- SiN - Sesj 43 - Elektrisk stemning på UKM
- SiN - Sesj 48 - Ein dag i Portád
- SiN - Sesj 49 - Den Forsvunne Herbalisten
- SiN - Sesj 52 - Gutta byggjer båt
- SiN - Sesj 53 - Redd barna
- SiN - Sesj 54 - Ein mystisk mann med sølvknappar
- SiN - Sesj 55 - So long, Portád
