SiN - Sesj 14 - Handleturen

General Summary

Sesjen starta med at gjengen gjekk til kvar sitt oppdrag for dagen, der Koppen og Kaptein Støvvel gjekk til Arroz for å snakke med han, og resten gjekk for å shoppe. Dei fekk kjøpt seg ein heil del utstyr dei trengte og blei kjendt med ein god del nye folk i byen. I tillegg fekk dei eit sideoppdrag der dei for Bogemakar Såvøy skulle prøve å forskynde prosessen med nokre teikningar. Det enda med at dei gjekk innom Werner Arkitekthus og blei møtt av ei lite samarbeidsvillig tøtta. Dei fekk no gitt beskjeden, og fekk eit skriv som dei måtte levere til Goppe Lubsenbask. Dette gjorde Brynjar medan dei andre gjekk opp igjen. Etter handleturen gjekk dei for å ete kvelds med resten av gjengen. Der bestemte dei seg for å prøva på eit av oppdraga som hang på oppslagstavla. Det gjald to spøkelse som kjempa om natta mot kvarandre. Dei gjekk for å finne ut meir, og traff på ei lita jente og mora heinnar i Driftsland. Etter ein samtale med dei gjorde dei seg klare på posisjonane sine og fulgde med når desse spøkelsa manifisterte seg. Guunar prøvde å konfrontere dei, men ingen reaksjon. Ikkje før han kasta eit faila Compelled Duel-spell på den eine, så reagerte den. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
07 Apr 2025
Primary Location