SiN - Sesj 12 - Gutta på Kanten
General Summary
Sesjen starta med at gjengen ankom Portád om morgonen. Kaptein Støvvel ordna med kostnadar rundt å leggje til kai, samt ordne med inngang til byen. Dei oppga namna sine, samt deira gruppenamn: "Gutta på Kanten". Deretter tok Utforskarane turen ut i byen for å finne informasjon rundt faren til Kaptein Støvvel. Koppen gjekk med GpK. Først fekk Guunar levert eit brev til nokre folk som var på kaien, medan dei andre spurde rundt etter kvar kyrkja er. Dei tok så turen opp til Kyrkja i Portad og fekk snakke med Arroz con Ferrum. Han hadde kjennskap til dette å kunne bringe tilbake folk frå døden, men det ville å så fall koste dei dyrt. Ikkje med pengar, men noko anna... Han visste også kven denne trollmannen dei hadde fanga er: Kaldemehl. Han omtala han som ein svikar. Gruppa valde å la kula bli liggande igjen der for at Arroz kunne forske vidare på kula, noko som ville ta ei vekes tid. i tillegg fekk Kogel vete at ungane hans var i live, men at dei sikkert er tatt i veretekt av Carlos Cortez; ein skummel hærførar frå Pescetano. Han er også på jakt etter ein skatt i området. Arroz tok på seg å ta vare på liket av G'hanir ein månads tid til dei finn ei løysning. Brynjar blei igjen og var med på rituale for å ivareta kroppen til G'hanir.
Etterpå gjekk turen vidare til Lektor Olb på Biblioteket i Portád. Arroz meinte han kanskje kunne hjelpe dei vidare. Vel borte ved biblioteket fekk dei kome rett inn til Lektoren som tok dei imot. Han virka litt dismissive til heile henvendinga, då mange har prøvd og drepe seg sjølv i forsøket. Han var kanskje villig til å sei meir dersom dei fann nokre ingrediensar til han.
Etter dette Gjekk dei ned til kartografen i byen, og på vegen svinga innom guildhuset i byen. Der fekk dei informasjon om guilds, før dei gjekk vidare mot kartografen. Han var villig til å selge dei kart over øya og byen. Guunar tilbydde å selge han "skipet" deira til han for desse to karta, noko han takka ja til. Han presenterte seg som G'hanir i denne handelen. Etter dette gjekk dei tilbake til Den Dansande Sild. Der traff dei Støvvel og resten av gjengen, og dei fekk tid til å sjekke oppslagstavla for mindre oppdrag. Dei åt eit godt måltid før dei mot slutten av måltidet blei konfrontert av nokre piratliknande menneske. Dei spurde dei Støvvel om det same som Kogel blei spurd om i Cambarra, og ho svarte tilsynelatande godt for seg. Piratane forlot så vertshuset og gjekk frå land med ein robåt. Gjengen konfererte så rundt bordet om kva ein skulle gjere vidare. Dei blei enige om å holde vakt for kvelden og passe på Kaptein Støvvel. Her slutta sesjen...