SiN - Sesj 47 - Eit vegval

General Summary

Sesjen starta med at gjengen hadde seg ein prat seg i mellom om kva som hadde skjedd om-bord hjå Kaptein Raudskjegg. Deretter fekk dei snakka med Kaptein Støvvel og gjort opp for seg. Deretter gjekk sesjen i å finne ut kva som skulle skje vidare. Blant anna fekk dei snakka med Kaptein Rex Lahberwend som hadde mykje og sei rundt deira oppdrag, og Ravencroft sin posisjon i eit større bilete. Det blei også gitt informasjon om at sjøalvane kanskje hadde ein agenda om å bruke kompasset til å kontakte gudane. Dette meinte Lahberwend ikkje måtte skje. Guunar fekk valget om å vere med han, men valde å vere igjen med gruppa. Hövel blei også invitert til å vere med tilbake til Terrano Nagár, men ønskte å vere med gjengen vidare. Dei konfronterte Brynjar, men han kjende ikkje noko særlig til dette. Dei valde å ta kompasset med seg i gruppa.

Deretter vart det overfart til Portád der dei sa sine farvel. Styresnekko og Treflis hadde blitt kjærastar og valde å mønstre av i Portád for å starte eit nytt liv der. Deretter reiste Utforskarane til Terrano Nagár, og gjengen tok seg inn på Den Dansande Sild der dei drakk seg dritings. Dei fekk svar på søknadane sine, og fekk lest denne vekas avis. Dei gjekk så og la seg, og her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
19 Mar 2026
Primary Location
Secondary Location