SiN - Sesj 39 - Gjenoppstandelse

General Summary

Sesjen starta med at gjengen traff på Kaptein Støvvel og Zwei Zehn som traff dei utanfor Kopperdal. Der blei dei konfrontert av Støvvel og ho var lite imponert av kva dei hadde gjort dei siste dagane. Dei fekk snakka ut, og Støvvel var igjen opne med dei. Dei bestemte seg då for å splitta seg, sånn at Brynjar og Kogel tok seg ein tur inn i Kopperdal for å finne olje til usynlegheitslampen, og resten tok turen til Portád. Koppen og Støvvel gjekk for å redde Arroz, Hövel og Zwei gjekk for å hente flåten sånn at dei kunne reparere flyet til å kunne lande på vatnet, og Guunar gjekk for å henta G'hanir. Dei møttes så nord for Portád, fiksa flyet, og deretter reiste nordover til Kopperdal for å hente Brynjar og Kogel.

Etter dette reiste gjengen til den gjøymde øya med hjelp frå Brynjar sitt måne-syn. Vel framme ofra dei kula med Kaldemehl ved inngangen, ga glasbrotet til glassveggen framfor dei, og dei blei teleportert inn til eit alterrom. Der inne la dei G'hanir ned i ei steingrav og ba for han. Etter ei tid med offring og bønn i lag med ein etheriell skapning som var der, fekk dei endeleg G'hanir tilbake. Han var ikkje vakjen, så dei måtte ta han med seg tilbake til Portád og Arroz for å få han heilt tilbake. På veg heim att fekk dei beskjed frå Jordar at Portád var trygg, og at dei kunne ta med seg G'hanir rett inn. Dei leverte han frå seg, og tok seg så ned igjen på Den Dansande Sild. Etter nokre timar kom Arroz ned til dei og kunne meddele at G'hanir var vakjen, og at dei kunne vitje han i morgon. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
25 Jan 2026
Primary Location
Secondary Location
Related Characters