OS - DTD - Sesj 1 Rapport
General Summary
Gjengen starta på marknaden i Horbe. Der spurde dei rundt for å finne vegen fram til Lord Solstad sitt hus. Dei bestemte seg for å reise opp til Solstad's Residens for å undersøkje litt. Deretter tok dei turen ned igjen til marknaden. Der fekk dei kjøpt seg litt utstyr, samt ei vogn dei tok med seg. Det mørkna, og derfor bestemte dei seg for å no gå opp til Lord Solstad sitt hus igjen og infiltrere det.
Korag stilte seg utanfor for å halde utkikk medan Hayy og Herkill tok seg inn i huset. Dei bala felt med å kome seg inn, men greide det til slutt. Etter ein del undersøkjing fann dei skattekartet dei var på jakt etter, men nokon kom heim akkurat når dei skulle til å gå. Korag tok seg då inn i huset for å leite etter dei to andre. Med litt flaks greide dei å snike seg ut og stikke av i full fart. Med dei som oppdaga dei i helane, stakk dei ner i byen og gjømte seg. Dette gjekk bra, og dei bestemte seg for å forlate byen så fort som mulig. Dei satt opp camp utanfor byen.
Dagen etter oppdaga dei at dei ikkje hadde pengar lenger, etter at Korag søvna når han heldt utkikk. Dei reiste så i nokre dagar for å finne gjøymeplassen, noko dei til slutt gjorde etter dårleg navigering. Der tok dei seg inn og kjempa mot bandittane som hadde slått seg ner der. Der fann dei også ein nøkkel de brukte for å slå av trykket i på vatnet. Då fekk dei morgleheiten til å ta seg inn i grotta bak hideouten. Der kjempa dei mot ein kjempeedderkopp før dei tok seg inn i eit gjøymd rom bak hideouten. Der kjempa dei mot to magikarar og eit skjelett, før dei opna grava midt i rommet. Der fann dei massevis med gull, samt eit skattekart.
Her sluttar historia for no.
Report Date
30 Jul 2023
Primary Location
Secondary Location
Related Characters