Orden/Kaos-dikotomi
Dei fleste religionar og all forsking på det magiske følger idéen om at alt er delt inn i orden og kaos.
Orden: Det forutsigbare. Det som følg syklusar, og ifølge religion, gudanes lovar. Årstidane, stjernenes dans på himmelen, fødsel og død. Brenn du noke vert det til oske, men smeltar du is vert det til vatn.
Kaos: Det uforutsigbare. Det som går imot naturens lovar. Nekromanti, forbanningar, visse trylleformularar.
Ingen trusretningar eller filosofiske tankemåtar er heilt einige i kva måte ein skal dele verda inn i orden og kaos, men visse idéar går att. Naturen og Kosmos slik gudane har skapt han er pur orden, mens forvrengingane Gyger og hekser driv med er sett på som rein kaos. Orakel, som hentar sin viten og magi frå mønstre, formar og rytmar i Kosmos, er annerkjend som dei mest ordenske anvendarane av magi. Mange prestar vil nok sjå på miraklane dei utrettar som ordenske, at dei utrettar gudanes ynksje om orden, mens andre sei det går imot naturens orden, og dermed er kaos. Druidar og andre gamle formar for naturtru sjåast på som ordensk, men mange fryktar kor fort slik form for tilbeding kan bli heksekunst.
Innan moderne forskning på det magiske er det blitt større og større eining i at horisontane for kva som er orden og kva som er kaos må utvidast. Om ein magikarar kan bruke energien rundt seg til å få stein til å verte eit tred, er det då kaos, eller er det å bruke mønstra i orden til nye ukjende måter? Andre peikar mot Dei Ytre Gudane av det Forbi, men dei skal ein ikkje nemne for mykje. Dette synet på dikotomien har fått stor kritikk frå fleire av dei største trusretningane i Kvarend.
Comments