Dei Ytre Gudane av det Forbi
På sjølve toppen av den ypperste av forskning og sjølve botnen av det djupaste vannvidd kan ein høyre kviskring om nokon som er for stort til å forstå. Berre å nemne slike tankar hadde vore frobudt over heile Kvarend om berre kjende til det, men det er både sjelden og som regel haldt hemmeleg. Gøymde kultar og hemmelege gilder av magikere og lærde folk er dei einaste som diskuterar desse funna, men alltid bak låste dører eller i kodede manuskript.
Om ein skulle prøve å kartlegge Kosmos ville desse skapningane ligge utanfor, men det kan vere vanskeleg å sjå for seg ein kant på det uendelege. Om dei er fjerne, ukjende versjonar av Dei Høgare Gudane av Kosmos eller noke heilt fremmed er enda uvisst.
Visse har prøvd å ta kontakt med dei. Kanskje kan dei lære noke om Kosmos ein kun kan forstå om ein ser det utanfrå? Noke ikkje eingong Dei Høgare Gudane ikkje veit? Kanskje kan ein bringe deira kraft inn i Kvarend? Usynlege organisasjonar jobbar i skuggane for å sløkkja desse idéane før dei får sjansen å materialiserast. "Riv dei ut med rot og alt og brenn dei. Salt jorda der dei vaks so intet kan gro ut av den fordømde jorda nokon gong igjen. Der er farar i dei blomane so grusame..."
Nokre namn og titlar har blitt nedskrevet, men det er namn for ting som er so fremmede og rare at det kan, for alt vi veit, vere fleire namn på ein og same skapning, tanke eller form.
Oolth, den Blinde
Male'lakem, Djupets Orm
Sabbadon, Herold av Ljos
Ahrameth, Herold av Mørke
Håpets Svøpe
Uron, den Dødfødte
Labyrinten Annónox
Råtens Krybbe
Ave Liphylim
Den Gøymde
Plag ikkje sinnet ditt med slike tankar. Herredøma av Kvarend lev vidare. Konger blir født, herskar og dør utan tyngden av kunnskapen om desse idéane, og utan at det påverkar folket hans. Ta opp ditt sverd no, og blød for ditt land. Plag ikkje sinnet ditt meir.
Comments