Gyger
Ein gyger er ein av dei mest frykta og utskjelte aspekta av kaos i Kvarend. Dei er kvinner som ein gong var store Orakel som stirte for lenge og for djupt ut i Kosmos, og såg det som låg forbi. Imot alt ein trudde var mogleg vart dei befrukta av Dei Ytre Gudane av det Forbi, og er no gravide med borna deira, som gir dei fryktelege, apokalyptiske draumer. Gyger kan ha grupper av heksedisipler som følgjer dei. Desse er ofte restane av orakelsirklane dei var del i, som har blitt korrumpert av dei kaotiske draumane til gygeren.
Gygere er svært intelligente og mektige, og er ondsinna mot alle folk. Ein skal alltid halde seg unna ein gyger, då det kun kan bringe ulykke til deg, familien din, og landet ditt, å få oppmerksomheita deira. Å oppsøkje ein gyger vil bringe deg ein dødsom i dei aller fleste land, ikkje berre på grunn av frykta for kva ein hevngjerrig gyger kan gjere, men òg i frykt for at deira mørke draumer skal spre seg.
Gudefosteret i magen deira gir dei evig liv og uforståeleg kontroll over magi. På tross av dette ser gyger som regel veldig gamle ut, sidan det tek long tid å i det heile bli ein gyger, og kaoset herjar med kroppen deira som ein sjukdom. Det avskyelege fosteret eser magen deira større enn ved vanlege svangerskap, men det tek svært long tid. Alle kjende gyger er fleire hundre, om ikkje tusen, år gamle og viser ingen teikn til å vere nære enden av svangerskapet. Når fødselen først hender, vil verda jamre og skjelve. Denne mørkaste av alle dagar må hindrast.
Her følgjer ei liste over nokre av dei mest kjende gygerene:
Blod-Berta: Blod-Berta er ein monstrositet. Ho er over 3 meter høg, sjukeleg overvektig og oppsvulma, og sterkare enn nokon mann. Segnene fortel at ho vart gal og åt dei andre kvinnene i orakelsirkelen hennar, og no heimsøkjer dei kvilelause åndene av offera henner ho og alt rundt ho. Berta har ingen permanent bolig, men føretrekkjer å vandra verda til fots. Ho har blitt sett så longt sør som Grom, og så longt nord som Goldelv. Namnet har ho fått frå klærne hennar, som endå er skitne med blodet frå orakelane ho åt. Historia om då Blod-Berta kom til Dundås er kjend i heile nordre Kvarend. Dei forskjellege variantane er ueinige i kva dei gjorde for å fornærme ho, men resultata er alle like. Ho forbanna dei med ein utemmeleg sult for menneskekjøt, og at om dei svarte denne syndelege lysten, ville dei sakte forvandlast til grisar. Besøkjer ein Dundås i dag finn ein kun ruinar, ein spøkelsesby full av hundrevis av grisar.
Aratha den Sorte: Høgt oppe i fjelltoppane i Vajland ligg den mørke hytta til Aratha den Sorte. Ei lita, utmagra, bleik trollkjerring kledd kun i den mørkaste sort. Aratha er den mest frykta av alle gyger, då ho i all hovudsak gjer all sin ondskap i det skjulte. Det er dermed umogleg å vite kva ho står bak. Kva ulykker ho forårsaka, og kva som berre er skjebne. Dei lærde påstår at dette kun er overtru og grunnlaus frykt, men er dei kanskje berre redde for å innrømma kor mektig ho faktisk er? Nokre av tragediane det tenkast ho kan stå bak inkluderar sjølvmordet til Rallom, den Elskede, invasjonane frå Det Milbahnske Imperiet, sorgen som tok Gamle Kong Faver II, og å blesse opp starten på Det Store Drakemordet.
Den Falske Helgenen Miriam: Djupt i Sjar Ohngol, der sandstormane alltid raser, vandrar den falske helgenen. Høg, slank, mørk som natta og vakker som stjernane, og sky frå verda utanfor.
Morbana, Stormens Amme: Morbana bur i eit lite naust på eit skarpt, bevegande skjær i Allhavet. Rundt skjæret sirklar ein stor storm som aldri ender. Kapteinar som møter storm på Allhavet ber ofte til gudane om at dei ikkje vil høyre Morbana kakle i vindkasta.
Myrheksa Vyera: Monge gyger trur ein kun er myter, oppdikta av frykt eller av at folk blandar saman gyger, hekser og sjamanar. Om Vyera eksisterar ein stad i Uymurhmyra eller ei er uvisst. Det finnest allereie hundrevis av grunner til å halde seg unna Uymuhrmyra frå før, så kven bryr seg.
Comments