Uymurhmyra
Uymurhmyra er ein svær våtmark i Aust-Kvarend. Langs kysten mot nord ligg Veishava, den einaste nasjonen innanfor myra. Der bur monge stammefolk, kjend som Uymuhr tribes, rundt omkring i Uymuhrmyra, men lite er visst om dei. Monge av dei største monstra lever djupt i denne sumpen, og der finnes ingen nøyaktig kartlegging av området. Det er ein populær stad for skattejegerar og eventyrarar. Der er få bustadar som tek imot fremmede. Desse inkluderar Elemottmott, Ilill, Yanay og Midtport. Valver den Vise beskreiv Uymuhrmyra som "...den mest traudige og plagsomme staden..." etter ein mislykka ferie til den sydlege delen av myra.
Geography
Uymuhrmyra er den største våtmarka i Kvarend, full av stille elver, grunne sjøar, mosegrodde skogar og tjukk tåke. Den er nesten fullstendig flat, med nokre fjell og toppar som brukast som landemerker. Landet her var ikkje alltid slik, men vart oversvømd då The Uhmur Mountain range vart til, noko som stansa alt regnvatnet frå havet. Å utforske myra utan å vere godt forberedt er ikkje anbefalt. Set du deg fast i eit myrhol er sjansen låg for at nokon godhjerta finn deg. Skogane er tjukke, trange, mørke og forvirrande, og dei åpne myrane strekker seg longt forbi horisonten. Mesteparten av myra er ubebodd og vill, men ein uviss mengde stammefolk bur spredd utover massa dens.
Fauna & Flora
Faunaen i Uymuhrmyra er kjend for sine unike og gigantiske vesen. Nokre av dei mest oppsiktsvekkjande er som følgjer:
Kolossormen: Kanskje det farlegaste av alle dyr i Uymuhrmyra. Kolossormar er enorme, gullfarga slangar som sakte snokar seg gjennom våtmarka. Deira sanne lengde er ofte umogleg å måle, men dei skal kunne bli over 500 meter longe frå haud til haletupp. Dei lokale ser på dei som demonar, gudar eller begge, og ber ofte til dei. Om du ser kroppen til ein kan du halde deg roleg og forstette med ditt, då hovudet truleg er hundre meter unna. Å sjå enden av ein kolossorm er sett på eit teikn på godt hell og lykke, då dette er ein av dei tryggaste stadane å vere i Uymuhrmyra.
Tåkekongro: Desse landa er kjend for sin tåke, men óg for det som gøymar seg i den. Til tider vert tåka tjukk og tung som suppe, og då gjeld det å finne seg ein gøymeplass om du ikkje vil verte kidnappa av tåkekongro. Dei som har overlevd angrep frå desse mystiske dyra fortel om longe, spinkle bein som plutseleg kjem ut av tåka, etterfulgt av longe hender som kjem frå oven og drar folk skrikande vekk. Ingen veit korleis kroppande deira ser ut.
Huhumfuglen: Ein liten, gylden og ekstremt sjeldan fugl med eit karakteristisk "huhuuuuuum"-kall. Denne er svært ettertrakta då den legg egg av reint gull. Å skade eller drepe ein huhumfugl er sett på som den djupaste synd.
Comments